Lavendelen blomstrar i alle krukkene på terrassen.
Eg berre elskar denne planta. Både lukta,
fargen og utsjånaden.
Det er noko magisk over eit bord dekka med lin og lavendel -
eller kanskje er det berre eg som er i
overkant entusiastisk?
Siste juli... Alltid vemodig, men eg har bestemt at denne hausten skal bli the best - EVER! :)
For det er jo vi sjølve som bestemmer mykje av innhaldet i liva våre?
Men aller først skal vi NYTE
seinsommaren med alle dens lukter og gleder!
Takk Juli for alt du har gitt
oss av opplevingar!
Elin




























































