...

torsdag 27. juni 2013

Dreaming

 
 
 
 
 
 
 
Sommar
 
Vener
 
Foto
 
Livsglede
 
 
 


mandag 24. juni 2013

So tiny...

 
 
 
 
 
 

 
 

Maximilian
 
 
 
Av og til får eg møte små vidunder gjennom familie og vener...
Er audmjuk når eg ser på bilda etterpå. Det hadde vore
fantastisk å få lov til, og orke å gjere slikt på heiltid...
 
 
Men draumen min lever vidare...
Ting Tek Tid...
Eg prøver
å vere
 
TOLMODIG!
 
 
 
 
Elin
 
 
 


lørdag 22. juni 2013

Midtsommar på kjøkken og stove | Pictures from my summerkitchen & livingroom

 
 
 
 
 
 

 
 

 
 

 
 




 
 

 
 
 
Kjære alle som er innom dagleg! Dette er eit innlegg laga på trass, til dokke! Eg klarer ikkje å ta bilder, nakken min har blitt så sint i det siste. Men eg nyt alle dagar, og er takknemleg for å kunne vere oppe og sprette ;)
 
Vi har kome til midtsommar... Nesten ikkje til å tru?
Men no skal vi NYTE sommaren folkens! Uansett vèr! Nyte lyset!
 
 
 
 
Ha ei fantastisk fin tid alle saman!
 
 
 
Største klemmen
frå Elin!
 
 


mandag 3. juni 2013

Kjøkken med kjole... | Kitchen with dress...

 
 
 
 
 
 

 
 




Kjole og veske frå Indiska
 
Kjole på kjøkkenet? Heilt vanleg her i huset. Hadde besøk av ei lita jente i fjor, og ho turde faktisk å spørje meg kvifor eg kunne finne på å henge opp kjolar på veggane... Hadde ikkje noko godt svar? Synes dei er fine? Og kvikkar opp omgivelsane på ein flott måte. Litt print frå nettet, og døra som alltid står åpen vart "ny". Og ikkje minst:
 
I`v got that fantastic summerfeeling...
 
 
Regn i går og i dag, men ser at sola er på vei igjen. Lovely!
 
Har ein dårleg periode, dessverre.
Blir lite blogging, men eg skal ikkje slutte altså :)
 
See you around!
 
 
 
Elin
 
 


onsdag 29. mai 2013

Fotomodell slæsh fotograf :)

 
 
 

 

 
 

 
 
 
Eit lite innblikk i andre delar av livet mitt,
enn det som har med interiør å gjere. Eg jobbar for å bli ein
bedre fotograf. Og i tillegg til fleire kurs i 2013, har eg tatt bilder saman med andre. Kenneth Enstad byrja med å måle bilder, men fann ut at han ville byrje med fotografering for tre år sidan. Heldigvis får ein vel seie. I fjor tok han to gullmedaljer i 1.runde av NM i foto, og vi følgjer spent med om han klarer å følgje opp innsatsen, resultata blir kunngjort i Tr.Heim i helga. Kenneth har ein stil som framhevar kontrastar. Kanskje difor eg likar bilda hans så godt? Du finn bilder på
 
 
instagram : kennethenstad
&
 
 
Det er Kenneth som har tatt bildet i headeren min.
 
 
 
Elin
 
 
 
 


tirsdag 28. mai 2013

Kjøkkenbilder

 
 
 
 
 
 
 

 
 

 
 

Lykt frå Lisbeth Dahl/Herlighet
 
 
 
Nyyyt sommaren, som er så snill å besøkje oss allereie i mai. Har stadig planar om å reise og kjøpe nokre planter til terrassen, sidan det meste har frose i vinter. Men det er litt for godt å vere heime, vaske klede, tørke klede, og steike seg i sola... Har blitt tvinga til å ta ein pause frå jobbing pga av trøblete nakke. Sånn er det innimellom; det er ikkje slik at alle problemer reiser, sjølv om ein er superpositiv!
 
Takk for alle fine kommentarar,
og alle besøk!
 
 
 
Elin
 
 
 
 


søndag 26. mai 2013

Black & white livingroom

 
 
 
 
 
 
 
 
 

 
 
 Ikkje mykje fargar hos meg... Men det er jo sjølvvalgt. I fjor hadde eg ein periode mot sommar med knall gule og rosa detaljar. Men kjenner at eg ikkje har behov for det i år. Eg har det så bra ellers i livet, at eg har nok fargar inne i meg i staden for! Og det kjennes veldig bra!
 
Har vore heldig å fått tilbringe tid med finaste Carina og Anna frå Sverige denne helga.
Eit godt eksempel på at bloggen har skaffa meg vener for livet. Du finn
bloggane deira HER & HER! Verd eit besøk begge to!
 
 
 
Ny veke står for tur igjen!
Nyt henne!
 
 
Elin
 
 
 


torsdag 23. mai 2013

That summer feeling...

 
 
 
 
 
 




 
 
Eg har sett personleg rekord i å la vere å shoppe ting til huset...
Spesielt puter. Flytter rundt på dei ca.1000 eg har frå før. Har nok for resten av livet, for å seie det sånn :) Og eg synes alltid eit rom forandrar seg alt etter som kva tekstilar ein har der? Skal ikkje meir til enn å flytte på nokre puter, eller leggje eit nytt pledd i sofaen. No er sommaren rett rundt hjørnet,sjølv om vi hadde snøvbyger i går kveld, etter nesten tredve grader i skyggen i pinsa. Litt av nokre overgangar?
 
Men fottøyet innkjøpt i Spania står optimistisk og ventar på varme grader igjen.
 
 
 
Elin
 
 
 
 


onsdag 22. mai 2013

Kjøkkenbilder

 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 

 
 
 
Jakke/Zara   Fotoveske/Kelly Moore   Kjole/Indiska
 
 
Ikkje nøye med at det regnar, når ein kan kose seg inne? I dag har lillebror og eg vore til byen med diverse ærend. Og så shoppa vi til slutt... Lillebror konsentrerer seg om leikebutikkar, medan mora har blitt stygg til å saumfare klesbutikkar siste halvåret. Og med ein kavaler som seier at eg kan handle det eg vil; så blei det litt i posane i dag. Svart og kvit kjole og skjørt frå Indiska fall VELDIG i smak!
 
Lampen på kjøkkenet høyrer til på hagestova... Men eg har ikkje hjerte til å ta den ned og ut igjen dit? Passar perfekt over kjøkkenbordet! Men må ha lampe på hagestova også... Her må det kreative tankar til! Spørs om eg må lage ein ny lampe?
 
 
 
Elin
 
 
 


tirsdag 21. mai 2013

Hagestova utvendig

 
 
 
 
 
 
 
Eitt av dei mest etterspurde bilda på bloggen kanskje? Framleis ikkje ferdig med hagestova, men her er eit bilde frå terrassen og inn. Har bodd der ute i pinsa, nesten slik at eg vurderte å hente soveposen og vere der natta også... ELSKAR dette rommet! :) Skal love å ta fleire bilder når vi har fått planta og rydda litt meir.
 
 
 
Elin
 
 
 


fredag 17. mai 2013

Hagestovekos på 17.mai!

 
 
 
 
 

 
 

 
 
 
 
 
 
 
 

 
 

 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 

 
 
 
 
Diverse leverandørar, Herlighet
 
 
Gratulerer med dagen Norge!
 
 
Eg er så strålande lukkeleg over å få bo i eit så flott land!
Akkurat no befinn eg meg i Geiranger, og noko meir norsk kan ein vel knapt finne?
 
Pinsa står for døra, den eine kjekke begivenheita etter den andre!
Eg mumla visst om tapas sist eg var innom bloggen, men eg valde å lage ein liten vri i går. Ungane åt opp alt før eg rakk å snu meg rundt, så eg trur det var vellukka? Det er ein sann nytelse å lage mat i hagestova igjen. SÅ mykje kjekkare enn å stå inne ved kjøkkenbenken. Og når temperaturen er stigande, og vèrvarsla fantastiske, så er det berre å belage seg på å bo her ute :) Og det skal eg. No er det sommar! Og den skal nytast!
 
Har du lyst å prøve deg på ein nydeleg
Philadelphiarull à la Elin?
 
Smør ei tacolefse med philadelphiaost og Red Pepper & Aubergine pesto frå Nicolas Vahè.
Legg skiver av chorizopølse med grøn pepper utover lefsa. Dekk over med salatblad og tynne skiver med snackpaprika og vårløk. Rull saman lefsa, fest med tannpirker så den held seg saman før servering.
 
 
Så er det berre å nyte smaken av sommar!
Ha ein flott dag alle der ute! 
 
 
Elin