Har du dagar då du vil gi opp?
Har du tankar om at alt du gjer blir feil, sjølv om du gjer ditt beste?
Har du følelsen av at smertene i kroppen din aldri vil ta slutt?
Då kan du ane korleis eg har det akkurat no...
Ein ny nedtur som har vore der siste månaden.
Difor betyr bloggen ekstra mykje.
Kommentarane.
Smila.
Og eg er veldig takksam!
Eg bloggar sjølv om dagane er vonde.
Det får meg i gang. Får tankane over på andre ting.
Tilbakemeldingane har løfta meg framover i juli.
Har halde meg fokusert i snart 3 år.
Ein lykkeblogg, heldigvis!
Og kanskje blir morgondagen bedre?
Eg vel å konsentrere meg om det som er bra.
Eit skritt om gangen. Dag for dag.
Sakte framover. Meinhalde på håpet!
Aldri gi opp!
Håper det er greit for samfunnet at desse personlege tinga ikkje behøver å bloggast om? Håper at eg kan få behalde bloggebobla mi, som fungerer som medisin for meg. Håper at dette ikkje skadar andre menneske? At eg fokuserer på det eg ser på som kreativt og oppbyggjande? At eg til og med gleder og inspirerer andre som kanskje har det like shit som meg? For det er nok å streve med i samfunnet ellers når ein er sjukmeld på femte året... Eg vil helst ikkje snakke om det her inne. Dette er
DRAUMESIDENE
mine, ein interiørblogg, ikkje ein blogg om
4 prolapsar i ryggen
Elin
Mitt bidrag i debatten som pågår, om at bloggarar ikkje
framstiller liva sine slik som dei egentlig er.