...

tirsdag 21. desember 2010

Jul på kjøkkenet mitt på solsnudagen :)

For det første; i dag snur SOLA! :) O lukke!!! Og godt er det, for dagslyset glimrar med sitt fråvèr. I dag har eg brukt alle fjusketrix i boka, for å få bilda nokonlunde lyse. Temaet i dag, er jul på kjøkkenet. Eg gav opp å ta nærbilde av gardina. Men ho heng no der ;) Kva tid lift nr.2 er på plass er uvisst. Så får du rynke på nasen viss du vil det, her er ikkje så overdådig høgtidsstemning. Men etter siste vekes medfart, fann eg sjølv ut at dette får eg vere fornøgd med! Hi, hi! :) Optimismen er på veg tilbake igjen :)













Så skal eg ha som mål, å vise fram resten av romma som er julepynta,
etter kvart som det muligens skjer ting her :) Kjenner eg treng
ein liten push for å kome i gang.



Nyt dagen!


mandag 20. desember 2010

Tre nøtter til Askepott ...






Så lenge eg kan huske, har eg sett på Tre nøtter til Askepott i jula. Det var vel ikkje kvart år filmen gjekk i starten, men gleda var stor når dette vart ein fast tradisjon hos NRK. I kveld hadde eg slik behov for litt eventyr, så eg har høyrt på musikken på You Tube, og leika meg med bilda eg tok for eitt år sidan. Eg hadde nemleg eit eige innlegg til ære for draumeprinsessa. Eg fann dette utklippet hos Kjendis.no:


"Ingen av dem hadde kjærester på den tiden. Og Pavel lot seg begeistre.
- Vi ble forelsket i hverandre under innspillingen. Da filmteamet var opptatt med andre ting, snek vi oss bort i skogen og kysset hverandre. Det var så kaldt på filmsettet at vi måtte dele på kroppsvarme for ikke å bli helt blåfrosne, sier Pavel. Filmen ble hovedsakelig spilt inn i Sør-Tyskland i bitende vinterkulde. Pavel mener det jevnt over var 20 minusgrader. Han ler når han forteller om kostymene de hadde på seg, som egentlig var beregnet for sommerbruk. - Det var ikke særlig mye varme i den tynne strømpebuksa jeg løp rundt i. Det jeg  husker aller best fra innspillingen er at vi frøs hele tida, sier Pavel."

Min konklusjon i fjor, var at kanskje det er forelskelsen mellom dei to, som gjer filmen så romantisk? ;)


NB! Eg var med og kjøpte eit flott juletre i kveld :)



Eg ynskjer meg...



ENERGI i julegåve! :) For i dag har eg nok brukt opp alt som var tilgjengeleg innvendig. Eitt av måla mine før den 24., har vore å sy om to liftgardiner som kom i posten. Mine vindu har sjølvsagt så abakelege mål, at ingenting ferdigsydd passar. "Elin for nokre veker sidan", hadde massevis av pågangsmot og energi, og tenkte; pyttsann, eg syr vel lett om desse? ...... Elin sist veke tenkte; eg skal aldri henge opp eit gardin meir - EVER! Heldigvis er sånne nedturar noko som ikkje varer så lenge. Og i dag har eg sydd om det minste. Og brukte heile dagen på det. Men no heng det oppe. Teksten som er trykt på, er skeiv? Frykteleg irriterande? I alle fall med tanke på kor mykje arbeid eg la i å få det fint. Men no er mørket kome, og blitzen min får IKKJE lov å hjelpe til. I morgen, DÅ kjem det bilder av kjøkkenet. Har fått nokre hint om at eg kanskje skal vise julereportasje frå eige hus, men "jeg lover deg" - her er ikkje så veldig julete etter siste 7 dagar delvis til sengs. Ikkje har eg store forventningar til at eg får gjort så mykje meir desse dagane heller. Men kven veit, ein kan håpe på eit under... I kveld håper eg at vi kan finne eit fint juletre, og når pappaen i huset har handla alle pakkane som mangla før i dag; ja då kan jula berre kome. Pynta hus eller ikkje. Som lillemor trøysta meg her ein dag; berre vi har eit skikkeleg juletre mamma, då er det ikkje så nøye med resten!




Og når ein har eit slikt fint vinterlandskap ute, er julestemninga her uansett! Tenk å få kvile augene på ei så fantastisk utsikt, kvar dag! Værsågod, i kveld får alle dette julekortet med meg! :) Som takk for alle flotte og oppmuntrande ord og helsingar her inne! Ubeskriveleg godt!





søndag 19. desember 2010

Fjerde lyset skin på kjøkkenet











Så vart det innlegg om fjerde lyset mitt. Ikkje som planlagt, men det viktigaste er at vi har tent det, og at det lyser for oss i dag. Det vakre hjertet med God Jul, har eg fått av flinke Marianne. Eg håper alle dokke der ute har ein fin fjerde søndag i advent! Eg vil igjen takke for alle gode ord, og fine kommentarar. Eg prøver å få lagt inn helsingar her og der, men akkurat no er ikkje energien på topp, og helsa ellers er prega av ei veke med lite mat, og mykje ligging. Eg har gått ein liten tur i dag,  og vèret er fantastisk. Snart kjem ein stor måne kikande over fjellet ovanfor huset vårt. Slike openbaringar gjev meg håp og glede. Og tenk; viss du går ut og ♥ ser denne månen, opplever vi akkurat same eventyret...

Eg ynskjer alle nokre vakre dagar fram mot jul,
husk å ta vare på gledene i kvardagen!
Jula kjem, uansett.





Adventslysa mine, dei siste tre søndagane



I år hadde eg lyst å vise adventlys i ulike settingar. På ulike måtar. Adventssøndagane skulle vere noko spesielt her inne på bloggen. Eg skulle ta dei finaste sist fredag, hadde alle planar klare. Men... Har vore lei meg for det, fordi eg gleda meg slik til å ta bilder av dette fjerde lyset. Men eg har funne ut, at eg skal lage til eit innlegg til i kveld, berre dagslyset kjem for fullt. For det er nok lov å ta bilder inne også? :) Enn så lenge; her er lysa mine i desember. Du kan trykkje under kvart bilde på den lilla linken for å sjå heile innlegga.



Det FØRSTE lyset


Det ANDRE lyset


Det TREDJE lyset

Det første lyset ville ikkje brenne, det blåste rett og slett for mykje.
I dag har eg allereie tent det fjerde lyset, og det skal få brenne heilt til vi legg oss.


No tenner vi det første lys,
åleine må det stå.
Vi ventar på det vesle barn
i krubba lagt på strå.

No tenner vi det andre lys,
dei står der stilt og skin.
Vi ventar på at Gud, vår Far,
vil sende sonen sin.

No tenner vi det tredje lys,
det er eit heilagt tal.
Vi ventar på at kongen vår
skal fødast i ein stall.

No tenner vi det fjerde lys,
og natta vert til dag.
vi ventar på ein frelsarmann
for alle folkeslag.




lørdag 18. desember 2010

Jul hos Drømmen om en eplehage :) Mi fjerde og siste reportasje om Jul på Sunnmøre


Hei alle sammen! Eg håper dagane dykkar er gode, og at julestresset ikkje tek overhand? Eg er sjuk, og har ikkje orka å blogge heller. Får ikkje i meg mat, og er veldig slapp og utilpass. Men eg veit at einaste vegen opp igjen, er å stappe inn mat med faste mellomrom, tyggje og svelge, og å gjere litt av det som ein finn glede i til vanleg. Difor har eg tatt eit krafttak siste timen, og gjort klart dette innlegget. For eg har jo så lyst å dele bilda frå siste reportasjen min, som stod på trykk i Sunnmørsposten i dag. Eg har vore så heldig at sjølvaste eplemora i Ålesund, åpna dørene til sitt nydelege hus. Eg har veldig mange fine bilder, så det kan hende det kjem enno fleire seinare. Klare for litt julestemning?
















Eg vil takke Tove, Amalie, Linda og Kristine for å ha late opp dørene til sine flotte heimar, og tatt mot meg med så mykje tillit og varme! Dokke har alle ein plass i hjertet mitt i framtida! Og så håper eg at det blir fleire interiørreportasjer på meg ein eller annan stad i 2011! For eg har storkosa meg undervegs.

Til slutt vil eg leggje ut ein link til ei anna reportasje i Sunnmørsposten i dag. Huskar dokke vesleguten som var nær å fryse i hel 1.desember? Eg har skrevet om han inne på bloggen her, og saka var i nyheitene i fleire dagar. No er han komen heim, og er beviset på at det skjer mirakel i våre dagar også. Juleunderet til oss alle som bur i kommuna, og som har gitt meg trua på at ein aldri skal gje opp håpet, same kor mørkt ting ser ut. Eg var så heldig å få gje pappaen ein god klem i barnehagen sist veke, og som eg sa til han; vi er så van med jantelov og bygdedyr her i grisgrendte strøk. Men i dette tilfellet fekk vi sjå medmenneskelegheit og hjertevarme, fordi alle støtta opp om familien, tende lys, folda hendene, og sende gode tankar til alle involverte. Og i dag kjenner eg at det er beste julegåva eg kunne fått. Trua på håpet. Og på menneska vi har rundt oss... Les om juleunderet Sakarias HER.  







torsdag 16. desember 2010

Og så kom julesnøven :)






Eg er framleis sjuk og slapp, var visst tilfelle at dette skulle vare ei stund... Alle fine innlegga eg hadde planlagt, blir ingenting av... Men det kjem jo dagar etter dette :) I går kveld var terrassen tom for snøv, og det regna og blåste. Ikkje triveleg i det heile tatt... Men så slo det om ute, og sjå kva som møtte oss i dag :) Barna er overlukkelege! Og vi vaksne synes nok også at det blir kjekt med kvit jul? For det ser ut som om kulden kjem tilbake i morgen?





onsdag 15. desember 2010

Draumesidene i NIB sin julekalender


NIB 9.desember 2010

Foto : NIB


Tenk å vere så heldig å få sitt eige julekalenderbilde av NIB! :)
Og så vere så oppteken, og deretter sjuk, at ein ikkje får delt det med alle saman her inne...

NIB legg ut eit nytt bilde kvar dag i desember, som dei styler og lagar til, som representerer ein interiørblogg i fellesskapet vårt. Julekalenderen fortener eit besøk, trykk HER for å sjå alle dei fine "lukene"

TUSEN TAKK! Dette betydde veldig mykje for ei "lita" draumetaus på Sunnmøre :)
Spesielt no som ho er ganske sliten, etter nokre travle, men likevel kjekke veker.

Siste reportasja mi vart ferdig for få minutter sidan, og er oversendt avisa. Matlysta er så vidt tilbake,
i alle fall når det er snakk om tørre rundstykker... No skal eg love at det blir ein kveld med fred og kos, og eit forsøk på å finne roa inne i meg. For no er det juleferie for min del. Ikkje fleire kurs eller reportasjer, ingen fleire portrettbilder for vener. Berre rein og skjær Elintid, og hamstring av ny energi. Det skal bli frykteleg godt! Så spørs det korleis det går med dei andre som bor i huset her, om dei har blitt smitta av meg. Time will show. Vi er klare til det som kjem, uansett. Håper berre at det setter i gang, viss det skal kome. Så er vi alle ferdige før jul!

Takk for alle flotte kommentarar og gode ord; dokke er suverene!
Takk til alle nye følgjarar; eg skal stikke innom før 2011!

Men akkurat no, skal eg berre gjere ingenting!



tirsdag 14. desember 2010

NOEL






Dette er vel det meste vi har å vise til av julepynt her i huset. Og etter at eg gjekk ned for telling med magevirus i dag tidleg, kjennes det som om det ikkje blir meir før jul heller?

Men eg veit at allereie i morgen er forma bedre,
så då vender nok energi og optimisme tilbake?






mandag 13. desember 2010

Vakraste julepynten











I vinduet mitt på Luciadagen... Og viss fotolæraren min er innom, kan eg fortelje at alle bilda er tatt med manuelle innstillingar... ;) Endeleg er eg ven med blendarar og lukkartid. Eg gleder meg stort til fortsettelsen!








søndag 12. desember 2010