...

Viser innlegg med etiketten Mine fire spesielle adventshelsingar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Mine fire spesielle adventshelsingar. Vis alle innlegg

søndag 19. desember 2010

Fjerde lyset skin på kjøkkenet











Så vart det innlegg om fjerde lyset mitt. Ikkje som planlagt, men det viktigaste er at vi har tent det, og at det lyser for oss i dag. Det vakre hjertet med God Jul, har eg fått av flinke Marianne. Eg håper alle dokke der ute har ein fin fjerde søndag i advent! Eg vil igjen takke for alle gode ord, og fine kommentarar. Eg prøver å få lagt inn helsingar her og der, men akkurat no er ikkje energien på topp, og helsa ellers er prega av ei veke med lite mat, og mykje ligging. Eg har gått ein liten tur i dag,  og vèret er fantastisk. Snart kjem ein stor måne kikande over fjellet ovanfor huset vårt. Slike openbaringar gjev meg håp og glede. Og tenk; viss du går ut og ♥ ser denne månen, opplever vi akkurat same eventyret...

Eg ynskjer alle nokre vakre dagar fram mot jul,
husk å ta vare på gledene i kvardagen!
Jula kjem, uansett.





søndag 12. desember 2010

søndag 28. november 2010

INDISKA on ice, første søndag i advent...




....med 15 friske minusgrader! Vi er så glade for at butikken hadde lånt oss tjukke, gode, fargerike klede! På eit islagt fjellvatn fekk eg lov å skape magi i dag. Vi hadde planar om så mykje vi skulle vise fram, men kulde og vind sette ein stoppar for interiørfotografering. Tusen takk til to flinke jenter, som stod på, trass i vanskelege forhald! Takk også til Robin, for utfordringa! Eg håper å kunne vise litt ekstra spesielle bilder søndagane framover. Her er mitt første bidrag, første søndag i advent, på veg mot jul...
















Vi berre elskar alt vi fekk låne! Og her er to jenter som skal få seg både strikketøfler,
og raggar med duskar på. Og så var det visst ei skinnhue som var populær? :)

Og bloggen deira, finn du HER!


NYT KVELDEN!