Kunne ikkje la desse bilda gå inn på harddisken, uten å få vere litt i lyset først... Harpeleiken er lånt, og eg må seie at han gav meg enormt med inspirasjon. Hadde ein flott halvtime i fjøra i går kveld. Det held på å lette etter ein dag med regnbyger, og faktisk aldri så lite haggel også. Men det er lite som kan måle seg med gråvèr som gjev etter for blå himmel som så gjerne vil sleppe til... Magisk stemning nede ved sjøen... Turistskipet Mona Lisa seig forbi, og alt liksom stoppa opp. Det er så mange små ting som fortener merksemd i desse dagar. Naturen er på sitt vakraste. Har rive seg laus frå vintersøvnen, og alt kappast om å vere finast, mest fargerikt og storslagent. Ta deg tid til å nyte dette i dag!
Takk for alle flotte kommentarar! Dei varmar langt inn i sjela mi! Får meg til å vere den beste eg kan vere...
- Ha ein vakker tysdag! -
Elin
♥ ♥ ♥