
Tenk på det... Lillebroren vår har blitt seks år, og skal byrje på skulen neste veke...
Det er som mange seier; tida går fort, og barn blir store i ein fei! I dag har vi hatt selskap, og alle dei andre gutane som skal byrje i første klasse kom på besøk. Eg var uheldig i går, og fekk ein muskelbrist i nakken og skuldra. Eg trudde vel at eg måtte gi opp heile feiringa, sidan pappaen i huset skulle vere borte i kveld. Men ved hjelp av ei flink storesøster, og ein veldig hjelpsam lillebror, kom vi i mål Og mi alltid så snille mamma, som eg før har sagt er mi livbøye, hjalp til med innhandling, baking og visping av kakekrem. Eg vil takke gjennom dette innlegget, alle tre, for suveren innsats i går og i dag! Vel blåst! Det er ikkje farleg å gå seg på ein smell, når ein har slike flotte hjelparar!
Ynskjer alle dokke andre ei flott helg!
Elin :)

