...

Viser innlegg med etiketten Interiørtips. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Interiørtips. Vis alle innlegg

tirsdag 18. september 2012

Lyseblåe innslag på stova

 
 
 
 
 
 
 
 
Meir farge som har vore her lenge. Hadde store planar for lockeren min, men så finns ikkje den målinga som eg skulle ha... IRRITERANDE! Men den er no så søt i lyseblått, så det er inga krise på gang. Skåpa fann eg på skraphaugen, i ganske stusseleg forfatning. Den er halvert i djupne, og sveisa saman igjen. Inni har eg fotoutstyr, tom emballasje som kan bli god å ha seinare, kopipapir, bilder som ikkje er i bruk... Den svarte &`en fann eg på Åhlens her om dagen.
 
Siste Elle Decoration fall veldig i smak! Nydelege interiør frå perm til perm. Fekk spørsmål her ein dag, om eg bor i "draumehuset". Nei, eg hadde nok hatt det annaleis dersom eg var FULL i pengar! Hadde ikkje hatt noko imot å bo i ein gammal fabrikk, med høgt under taket og alt som høyrer med. Store vindu med masse lys inn, og ikkje minst INGEN STRIE PÅ VEGGANE! Men med tanke på at eg har det som eg har det; draumehuset er der familien min er, der vi kosar oss kvar dag. Ein kan drøyme om mykje rart, det er berre sunt og kreativt, men når det kjem til stykket har dei fleste av oss mange begrensningar i liva våre. Slik som eg har det, kjem interiørdraumar temmeleg langt ned på lista, det var mykje anna eg heller skulle håpa på ordna seg i livet mitt. Og sjølvsagt hadde eg aldri kunne tenkt meg å flytte frå dette huset :)
 
Vil kome med eit råd i dag. Vi ventar reportasjeteam her om ei veke. I den anledning har vi tatt tak i småting som skulle vore gjort i opp til 13 år (då vi flytta inn) Det har ikkje tatt mange timane, eller har vore dyrt, men følelsen det gir er ubeskriveleg! Andrestrøket på nokre dørkarmar, nokre lister som aldri kom på, høgskåpa på kjøkkenet som har blitt innebygd. Og FOR ein forskjell det gjer! Faren er at ein sjølv ikkje ser det som står halvferdig, medan somme besøkjande sikkert lurer litt? Såg eit tips til fint interiør her ein dag, og det var å halde orden og ha det reint. Så kom tinga du hadde i huset i andre rekkje. Det er veldig sant. Så får det vere med alle tinga ein synes er flott, og som "alle" andre har.
 
Men du; det ER no kjekt å vere materialistisk av og til også! :) Eg har spart til nokre herlege pakkar som kjem i løpet av denne veka, frå Ølen Møbel, hviit og Ellos. Det er som julaften x 10 for meg.
 
Kjem nok til å klemme postmannen!
 (han er van med lukkelege hyl frå meg ved leveranse frå tidlegare)
 
Laaangt innlegg! Men viss du stadig heng på,
ha ein fin tysdagskveld! Eg har hatt eit heildagsprosjekt
med vasking av høgskåp, og inniputting av alt som
måtte ut i går kveld.
 
 
Elin
 
 
 


torsdag 17. juni 2010

Conditien ende be...



******************

Det er ikkje alt som går så fort i dette huset... Ting som eg treng hjelp til for eksempel... No hadde eg greidd å bruke stikksaga sjølv, men eg trur at skuldra mi hadde vore mindre glad for dette... For eit par kveldar sidan vart saka tatt i andre hender. Eg kjøpte dette dokumentet for ei tid tilbake sidan, hos Home. No1, ein svensk nettbutikk. Eg hadde leita etter det sidan i fjor haust. Så gleda var stor når eg fann det! Men der var ein brun kant som eg ikkje likte. Difor klipte eg denne bort. Så no er dokumentet sånn herleg kantete, slik som eit gamalt dokument skal vere. Kryssfinèr-plata er saga i same fasong. I dag har eg limt fast herlegheita til plata. Vart ikkje så verst. Fann ut at det ikkje gjorde noko om det vart litt bobler og rynker? Det skal no sjå gamalt ut? Men etter at tapetlimen tørka, har alle boblene reist :) Veit ikkje heilt kvar det skal henge, men inntil vidare får det vere på stova over klokkebordet mitt. Passa forresten fint der?






Vi fekk regn igjen i ettermiddag. Sommaren er visst avlyst i år? Men eg er blid likevel; fekk inn at dyner og tepper før regnet kom. Så no er det berre å vente på neste solskinsdag...



********************************
Elin
♥ ♥ ♥

fredag 28. mai 2010

Klokkebordet mitt, à la Gùa :)



Hei! Her er eg igjen :) Har stressa siste timane for å få ferdig prosjektet mitt, klokkebordet. Og det var ei stund sidan Elin har gjort ting ho ikkje kan... Gùa, med ein av mine yndlingsbloggar, Hvitur Lakkris hadde eit innlegg i april om eit liknande bord. Eg har rett og slett kopiert idèen til Gùa, eller det vil seie, så godt som Elin kan. Eg er ingen kunstnar, og setter STOR pris på sjablongar til vanleg. Men denne gongen måtte eg gjere alt med frihand... Det er snirklete, ujevnt, og med ei positiv vinkling; sjarmerande skeivt ;) Men eg synes at resultatet er bra nok. Og så er det berre å måle over det når eg blir lei!






Eg har hatt årets første fjelltur i joggesko i dag. Anbefaler ALLE ein tur ut i naturen.
FANTASTISK!

Ha ein vakker fredagskveld der ute!

Klem
Elin



tirsdag 27. april 2010

Putevar som stasduk :)


I går fann eg ein nydeleg duk blant mine gamle tøyskattar. Trudde eg... Det viste seg å vere eit gamalt putevar, eller putetrekk som dokke kanskje kallar det. Men når ho Elin har bestemt seg for at det var ein fin duk, så vart det slik ;) Var så vakker oppe på den gamle ølkassa frå Dahls.






God kveld der ute!

Elin

søndag 25. april 2010

Eventyr...


I ettermiddag har eg måla den største kassa i gangen. Ho var original blå/grå. Men var litt mørk? Har vurdert å måle henne sidan ho kom i hus, men har litt vanskeleg for å tilføre farge på gamle ting... Etter eit tynt strøk kvitmåling, shabba eg henne med sandpapir, og svartmåling. Teksten er fransk, og betyr eventyr. Eg er fornøgd etter endt økt. Eg har også måla ferdig skåpa på badet, som har venta på finishen i to månedar... Ting Tek Tid :) Men det blir til slutt... Kjem tilbake til badet i løpet av veka, for dei som er interessert! Og så måtte peonane få lov å vere med på desse bilda også. Så vakre og inspirerande, at eg berre smiler :)




Ynskjer dokke alle ein vakker kveld,
og ei flott ny veke!

Elin :)