Eg har visst gått glipp av to års markering for bloggbabyen min... Trur den var i slutten av september? Byrja å blogge i juni 2009, men vart ikkje offentleg før nokre måneder etterpå. Eg må vel innrømme at babyen byrjar å bli stor? Går liksom på eigne bein, og klarer seg sjølv om eg er borte innimellom? Sidan teljaren min nærmar seg rundt tal, har eg valgt å feire litt seinare i månaden, men eg ser at det blir før enn forventa? Det gir ei veldig positiv drivkraft at så mange er innom her i løpet av ei veke. Både når eg bloggar, men også når eg ikkje lagar ferske innlegg. Eg har brukt ganske mykje tid og energi siste månaden på å finne igjen bloggeforma, og då er det fantastisk å få respons på arbeidet ein legg ned. For meg er dette også med på å skape energi, og vilje til å arbeide med fotografering også utanom. Eg får stadig nye bekjentskapar gjennom bloggen, og dette er alfa og omega når ein arbeider som freelance. Akkurat no er det fleire som ventar på besøk av meg rundt omkring på Sunnmøre. Eg håper at den fysiske forma mi når ein ny topp, slik at eg kan få laga nokre saker i nær framtid.
Kva gjer eg då for å feire litt? Jau, eg velger å vise bilder frå eit rom eg ikkje har blogga frå før. Kvifor? Eg veit ikkje heilt. Sa seinast i sommar at eg ikkje skulle gjere dette. Men i dag følte eg berre for å shine badet, og prøve å få til nokre bilder? Der er ikkje så lyst, så det var faktisk ei utfordring. Det er fint, for då må eg jobbe med å stille inn kameraet, og så lærte eg litt i dag også.
Merkeleg å vise desse bilda, nesten så at eg ombestemmer meg?
Og nei, eg er ikkje flau av badet, det har berre vore godt å ha noko som er berre vårt. Det kan bli litt vel mykje eksponering av det som føles privat her inne? Enno har eg mange rom som aldri har blitt avbilda. Tenk det... Hovedbadet er nok det rommet som er mest slite etter 12 år i huset. Kjenner eg gleder meg aldri så lite til å pusse opp her om nokre år? ;)
Til slutt vil eg beklage mitt fråvèr på andre bloggar. Har det litt
stritt i nakke og hovud for tida. Men eg er evig optimist,
og håper at behandlingane eg tek skal gi resultat
på sikt.
Ha ein fin kveld!
Elin