...

Viser innlegg med etiketten Fotografi av barn. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Fotografi av barn. Vis alle innlegg

onsdag 29. august 2012

Min draum

 
 
 
 




 
 
Eg drøymer. Eg håper. Eg prøver å aldri gi opp dette håpet. Eg har så lyst å arbeide igjen. Å kunne drive med det eg setter aller størst pris på; å fotografere. Det gir meg så veldig mykje, og eg veit at dette er ein livslang lidenskap. Ikkje alle kan arbeide med det dei likar best, eg veit det. Og kanskje bør det berre vere ein hobby. Men eg drøymer.
 
Med det eg vil kalle dårleg fotoform i dag tidleg, fekk eg besøk av eit lite nurk på snart to veker. Eg bad mammaen om å få lov til å øve meg på hennar vesle skatt. Med opplysning på førehand om at eg kanskje måtte avlyse heile seansen, føltes det ikkje så skummelt. Og det var nok ikkje det beste eg har gjort. Men kanskje det viktigaste; sidan eg nesten trakk meg på morgenen i dag, men klarte likevel å psyke meg opp til å gjennomføre. Det er mykje redsel som sitt i dei fysiske smertene mine, redsel for å bli verre. Det er ein psykisk kamp også. Den foregår kvar dag.
 
Det å få studere ein liten, fersk baby er nok den beste medisin. Blir like fasinert kvar gong eg får lov å ta bilder av slike små menneske. Gløymer alt som er trist og vondt. Difor er eg veldig glad for at eg fekk gjere dette akkurat i dag, ein ganske trasig onsdag i utgangspunktet.
 
Eg drøymer. Eg håper. Vil drive med fotografering på heiltid. Klare å ta kursa eg lengtar etter å gjennomføre. Skulle ynskje ryggen gav meg ein lang nok pause, slik at eg kom meg nokre skritt vidare. Det hadde betydd så enormt mykje. Både for livskvalitet og sjølvtillit.
 
Tusen takk til Stine og nurket hennar for nokre flotte timar!
Det gjorde verkeleg ein forskjell for meg i dag!
 
 
Elin
 
 


fredag 2. september 2011