...

Viser innlegg med etiketten Favorittar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Favorittar. Vis alle innlegg

mandag 3. mai 2010

Calvin Klein og minner om sommar...


I dag var eg fast bestemt på å lage eit nytt innlegg om eitt av mine favorittmerker, som i høgste grad minner meg om sommar! Eg hadde kan hende eit håp om eit gløtt av sol utanfor vindauga i skrivande stund. Eg er stor fan av Calvin Klein. Eg er slett ingen moteguru, men eg fell ofte for enkle, reine linjer, og nøytrale fargar. Eg er heller ikkje ei slik ei som må ha merkeklede. Tvert om. Det viktigaste er at ein føler seg vel i det ein går i. Men der er ein ting eg ikkje kan klare meg uten, og det er CK parfyme... Eg har prøvd å skifte merke, gang på gang, men kjem alltid tilbake til Calvin Klein. Veslemor i huset studerte halvfulle flakongar på badet no i helga. Og luktene frå flaskene fekk fram ein slik lengsel etter sommar og varme. Det er merkeleg kor ein assosierar hendelser og lukter? Favoritten min vart kjøpt i juni 2008. Og heldigvis er der ein del igjen på flaska. Trur ikkje eg får tak i akkurat denne lenger? Nokon som veit?


Ringen min er også CK. Veldig Elin, enkel og utan noko fiksfakseri.  No droppar eg bildet av verandaen. Dokke skal sleppe å bli deppa over snøv 3.mai... Let desse turkise og sommarlege bilda liggje på netthinna, og så skal eg også slutte å stirre ut vindauga... Kan heller halde ringen min opp i lufta, og kviskre : My little precious... Hi-hi ;)

Ynskjer alle ein fin fin måndag!

Elin

fredag 30. april 2010

Draumetime hos Slettvoll :)


I dag har eg fått rulle meg i inspirasjon, både attover og framover. Litt sidelengs også, viss eg skal vere ærleg. Eg er svært glad i Slettvoll sine kolleksjonar, og likar utstillingane deira veldig godt. Mine valg med fargar og inventar, har i mange tilfelle vore inspirert av denne produsenten. Eg likar også svært godt stylingen på butikkar, og i katalogar. Litt røft, og med element frå verda over. Likevel enkelt, og lett fordøyeleg.







Det er kanskje slik du kjenner Slettvoll frå annonser og magasin. Men produsenten tilbyr så mykje meir. Det er det klassiske og tidlause som tiltaler meg. Siste åra forbinder eg stilen med beige, grått svart og kvitt. I ulike nyansar. Og striper i desse fargeskalaene. Men til all lukke, gjekk eg meg på fargar på vegen inn! :) Og sjølv om eg elskar stilen på bilda over her, smelta Elinhjertet heilt for desse lyseblå trekka på Archibald-stolane vist under her. Og når eg sjølv har to koksgråe slike, utan kappe, meldte spørsmålet seg LYNraskt : Elin, kan du å sy trekk til stolar, viss du prøvar VELDIG hardt???  ;)




Og når vi er i pastellhjørnet, nydelege utemøblar med rosa stæsj... Jauda, litt rosa tåler vi vel?



Eg må innrømme, at eg vart LITT stressa, når Bonytt kom inn døra bak meg... Og eg var ikkje supereffektiv første halvtimen. Men så gløymde eg av at der satt andre, og så gjekk det bedre. Blir spennende å sjå kva bilder som dukkar opp i magasinet?

Eg har mange fleire bilder, men trur eg setter strek for no. Må rekkje ein rask gåtur, og så er det fredagskveld på rett. Tusen takk til supersøte damer hos Slettvoll i Ålesund, som var kjempesnille og lot meg ta bilder! Setter STOR pris på dette! Anbefaler alle ein tur innom ein av mange butikkar rundt om i landet. Du finn informasjon og katalogar HER!

Ha ein eventyrleg kveld, drøym deg litt vekk! Anbefalast på det sterkaste... ;)

Elin.


torsdag 22. april 2010

Lisbeth Dahl, ein favoritt


Det er verkeleg ikkje vanskeleg å bli inspirert for tida. Etter ein liten runde inne på nettet hos favorittmerka  mine (og det er mange etter kvart),  er eg i fyr og flamme. Likedan etter nokre timar her inne i bloggverda. Det er verkeleg vår, og snart sommar. Kva vèr vi får er nok heller usikkert, som vanleg. Men eg får alltid ei kjensle av at det skal bli ein draumesommar, når eg nyt bilda. Kanskje nokre av dokke lurer på kvifor i all verda bloggen min har blitt så sukkersøt og rosa? Litt tilfeldig faktisk. Eg er ikkje typisk rosa, og eg veit om fleire heterofile mannfolk som er meir feminine enn meg :) Men eg har BEHOV for rosa i livet mitt no! Det hjelper på humøret mitt, og eg blir inspirert av denne fargen. Så då blir det slik. I dag vil eg vise nokre bilder frå Lisbeth Dahl. Anbefalar ein tur innom nettsida for å nyte den nyaste katalogen. Lovely. Dei som har lest bloggen min sidan starten, fekk kanskje med seg at veslejenta hadde skjerf og hue frå L.D. på julekorta 09. Det som gleder meg med desse bilda, er at dei er like vakre mot vår. Er så glad at eg valde rosa og grått på kleda til ungane! Kanskje eit tips å ta med seg for andre til neste julefotografering?




Første bilde med med minner frå vinteren i desember, og det siste med kjensle av vår og sommar!
Ynskjer deg ein vakker kveld!

Elin

onsdag 21. april 2010

Moods of Norway


Eg har nokre heltar frå fjordnorge, Peder Børresen og Simen Staalnacke. Dei starta firmaet Moods of Norway i 2003. Dei er ein eventyrleg sensasjon frå vesle Norge, ute i den store vide verda... Og eit godt bevis på at ein kan lukkast med vilje, design, ein porsjon flaks, og sjarm. Det originale preget vi smiler av her i bygdenorge, fengjer kjendisane i Hollywood. Og alle andre stadar. Det å gi så fullstendig blaffen i Jantelov og andre sine meiningar, beundrar eg stort! Difor er eg stolt av å kome frå same landet som Peder og Simen! Bilda er lånt frå Moods of Norway sine fargerike kolleksjonar, og nokre er mine eigne, tekne i deira herlege butikk i Steffånaustet i Geiranger!


Du bør absolutt ta deg ein tur innom ein av deira butikkar, dersom du kan! Mange fine interiørdetaljar i lokala, originaliteten er gjennomført også der! Du ser butikkane på lang veg, ettersom der som regel står ein gammal gråtass traktor utanfor, lakka i knall rosa eller gull ;)

Have a pink day! :)

Elin.

tirsdag 20. april 2010

Chill Norway

Via ein svensk favorittblogg, Helt Enkelt, fann eg ein nydeleg kjole frå Chill Norway. Må vel innrømme at eg likte det meste i kolleksjonen deira. Plukka ut to bilder, som eg fall heilt for.
Både med tanke på klede, fargar og stemning...

Bilde : Chill Norway
Bilde : Chill Norway


Ha ein flott tirsdag :)

Klem Elin