...

Viser innlegg med etiketten Detaljar hagestove. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Detaljar hagestove. Vis alle innlegg

tirsdag 30. august 2011

Ny skåp på hagestova, gratis! Og litt info.om rommet


Vel, ingenting er gratis, for materialane kosta jo i utgangspunktet. Men eg har kun brukt restar til den nye skåpa mi. Og eg er ganske fornøgd. Har putta inni sotbøtta, tennbrikettane, grillrista vi brukar i peisen osv. Skåpa er behandla med drivvedbeis frå Jotun, som eg også har brukt på deler av veggane og dragaren i taket. Var redd det vart for mørkt, men må vel seie at resultatet er akkurat som eg håpa på. Eg har brukt rupanel, noko som skaper eit røft uttrykk. Var nok fleire som stussa på dette når vi sette i gang å kle rommet, også eg sjølv... Eg er slett ikkje sjølvsikker og overbevist i ein slik prosess. Var heilt låk i magen ein kveld forrige veke, fordi eg følte at ting ikkje blei som forventa. Men så byrja eg å beise, og roa senka seg. Halve rommet har eggekvite MDF plater, som har vore her fleire år. Taket er kledd med ferdigmåla trepanel. Til slutt er det festa "pyntebjelkar" utanpå.

Framleis manglar det ting og tang her. 4 vindu, lister, hyller, ++. Men vi har fått gjort veldig mykje siste vekene. Så resten kjem nok etter kvart?







Lampen er kjøpt på salg hos Herlighet i Ålesund. Den kjem frå Palma, som har VELDIG mykje fint!
Ellers fekk eg spørsmål om den svarte kommoden som står her inne. Den er antikk; eg kjøpte han for snart femten år sidan. Etter å ha vore luta leeenge, måla eg han svart for nokre år sidan. Eg har brukt blank måling, kanskje bengalac, eg huskar ikkje heilt. Han har glasknottar, og har hatt det sidan eg måla han. No får ein kjøpt det "over alt"? Eg sleit med å finne desse huskar eg. Spørs om her kjem ei forandring? ;) Eg likar best ting når dei ikkje finns over alt...


Tusen takk for fine kommentarar,
og mails! 
Dei held bloggen i gang!


Nyt dagen!

Klem E   


søndag 28. august 2011

Hagestove - IGJEN :) Og eit TIPS!


 
Lampe frå PALMA

 
Lei av hagestova mi? Det forstår eg i så fall godt. Men det er ikkje eg ;) Ting kjem meir og meir på plass. Eg beisa bordet i går kveld. Med Lady sin drivvedbeis. Slik som også er brukt på rupanelet på veggane. Inspirasjonen henta eg frå Anne med bloggen/butikken Emmas verden. Ho har ein liknande vegg på butikken sin i Langevåg. Så takk til Anne for hjelp undervegs! :) Veggar og tak ellers er måla i fargen eggekvit. Golvet er behandla med dekkbeis. Fargen heiter skifergrå.

Som bildet viser, held eg på med eit skap bortanfor peisen. Håper å få ferdig dette i morgen? På veggen til venstre for peisen, skal det inn to stk. 50x50 vindu. Eg kom over eit flott tilbod hos
Flåthe trevare på Valle i Skodje sist veke. 1500 kr pr.vindu, er langt under prisen eg fekk oppgitt for nokre år sidan. Vindua er doble, og kan åpnast. Der er krok for å setje på viss du vil lufte. Fine hasper. Der var 4 stk. igjen før helga. Og dei kunne skaffe fleire. Glimrende til påbygg, garasjer og kanskje ein levegg som treng eit løft? Sjølvsagt også til hus.

 

 
Eg vil nok kome tilbake med fleire detaljar og bilder frå yndlingsrommet mitt,
så viss du er fed up, bør du nok ikkje kike innom her på ei stund! :)

 


Til alle som vil sjå skapet ferdig; HENG PÅ! :)


Elin


lørdag 27. august 2011

Møblering av nytt rom :)








Golvet har blitt lysegrått sidan sist, og møblane er på veg inn igjen i rommet. Eg må innrømme at eg manglar 4 vindu i veggen, nokre lister, delar av ei heimesnekra skåp osv.osv... Litt trist, men prosjektet har stoppa opp inntil vidare. Men eg smiler frå øyre til øyre. Skal sjå kva eg kan få til på eiga hand i veka som kjem. Ein kjem langt med VILJE :) I går kveld var hagestova kinosal, og lillemor vil gjerne takke alle som la att fine helsingar til henne på bursdagen!


Elin



tirsdag 23. august 2011

Tilstandsrapport HAGESTOVE





Ryggen og nakken roper om hjelp; og eg er smånervøs for at eg har overdrevet jobbinga ein smule... Men du verden så godt det er å klare å gjere ting sjølv! Så krysser eg fingrane for at det er god gamal gangsperre som hyler i musklane. Skrekkblanda fryd er nok beskrivande for situasjonen i kveld?


So long!

Elin

onsdag 17. august 2011

Bilder frå hagestova (endeleg...)


Med små framskritt kvar dag, ser eg litt etter litt korleis alt kjem til å bli.
Eg har sommerfuglar i magen, for eg har venta så lenge på dette. Ikkje mykje som skal til
for å få denne jenta i humør :) Og så måtte eg sjølvsagt setje inn litt saker, og ta bilder...
Endeleg litt mindre kryptiske bilder frå mi draumestove...







Can`t wait to finish this room! :)



Elin


søndag 14. august 2011

Hagestove-makeover :)


 


 

Her kjem eit innlegg til alle som har kommentert, og sendt mail om hagestova mi.
Det er enkelte rom og stadar i huset eg ikkje bloggar om. Føler for å ha litt for meg sjølv ;) Men : no skjer det saker og ting i heimen! Og eg er mildt sagt HAPPY! For eg har venta sidan 2006 på at hagestova skulle bli ferdig. I kveld har vi tømt ut alt, og i morgen er vi i gang. Det kriblar i magen, men eg er litt redd også, for å gjere dumme valg for framtida. Synes alltid det er ei utfordring, å velge løysingar som held seg gjennom åra. Det er lett for ein interiørfreak, å la seg lede av notida sine trendar. Prøver å tenkje langsiktig.

Ynskjer alle som er innom ei flott, ny veke!

Elin


tirsdag 2. august 2011

Drøyming i hagestova...





Sola er framme i dag, men vinden er kald.
Veldig glad for å ha mi uferdige hagestove å kose meg i!
Og kanskje blir ho ferdig i løpet av hausten? Ingen
tvil om at dette uterommet har berga sommaren for meg.

Elin



tirsdag 3. mai 2011

Hagestove i svart/kvitt








Den halvferdige hagestova, som eg så gjerne skulle fått gjort noko med. Trur kvart år at NO skal det bli fart i sakene. Men... Likevel mykje brukt, både som reservekjøkken og stove. Etter at det kom inn dører i fjor haust, er det også mogeleg å bruke til overnatting på sommaren. Kryssar fingrane for at vi kanskje kan få gjort ting meir ferdig denne sesongen! :)  





fredag 27. august 2010

Skatollet eg passar på...



Først må eg tilstå å ha fått ein betennelse i nakken... Tilstår det KUN fordi eg ikkje klarer å skrive fine ord inne på bloggane til alle englane mine... Den har vore der nokre dagar, og sjølv om eg ikkje stressa med selskapet, skal eg vel ikkje nekte på at det var nok den vesle dråpen...  I skrivande stund, er det den to år gamle prolapsen i nakken min som ropar : Hei Elin!!! Eg er her enno!!! Ikkje gløym av det!!! Eg bloggar sjelden om slikt. Dette er Draumesidene, og smerter høyrer ikkje heime her. Dette er fristaden min. Bobla mi, som kom til når eg trengde positive ting å fokusere på. Og det var noko av det luraste eg har gjort.Eg har vore veldig personleg siste døgna. Men glede er det så godt å dele! Glede og takknemlegheit. Og med 70 kommentarar i går, smelta hjertet mitt... Går det an å vere så støttande, og så hjartelege!? Når eg kom meg opp av senga i dag (tok nokre timar), slo eg på PC`en, sjølv om eg trudde eg ikkje orka. Så leste eg alle helsingane. Beste medisin eg nokon gong har fått! Omtanke og fine helsingar kan nok kurere svært mykje. Lillemor las alle helsingane til henne i kveld, og ho vart så glad! Skulle takke VELDIG, som ho sa. 

*
Over til bildet under. Ei barndomsveninne av meg, var på besøk med sin flotte familie for litt sidan. Ho overlot eit gamalt skatoll i mi forvaring, og det hadde eg ingenting imot! ;) No er eg barnevakt, på ubestemt tid. Møbelet skulle vise seg å passe heilt perfekt på hagestova ;) Hi-hi! Må nok ha meg ei slik skåp etter kvart? Stolen har same farge, som skuffa inne i skatollet, oppdaga det når eg held på å ta bilda :)




Trur dette må vere ein yndlingsjobb? Å passe på ein slik skatt? Eg held ut CB! Ingen hast med å hente det!!! :) 

Og tilgi meg igjen alle andre gode; for at eg ikkje skriv til dokke! Må rett og slett kapitulere litt. Er likevel så glad for å ha fått tatt nokre bilder, og skrive 2 innlegg i dag. Fekk meg i betre humør!

Ynskjer alle ei flott helg!

Klem
Elin

♥♥♥





onsdag 19. mai 2010

Fyr på peisen i hagestova :)


Dagen er komen! Det er fyr i peisen på hagestova. Eg trur det er den seinaste innviinga vi har hatt på våren, sidan vi bygde henne for 4 år sidan. Og det gjenstår arbeid både på tak og veggar innvendig. Men vi har det ikkje så travelt. Utestova fungerar utmerket, og vi kosar oss der så ofte vi kan. Peisen er sjølvdesigna, med spesialsveisa ramme innvendig i rustfritt stål. Eg har ei stor grillrist inni når eg lagar mat. Fungerer utmerket! Vi har laga middag i hagestova før i år, men då med så mykje ski, hagemøblar og rusk og rask etter vinteren, at det tel ikkje! :) Håper at sola vil vere her nokre dagar til, og at vi får tilbrede litt god grillmat som kan nytast på nyolja hagebord. Det fine med hagestova, er at ho også kan brukast i regnvèr. Men du og du kor triveleg det er å sitje der i godt lag mot natt, med kveldssola så vakker i horisonten... Håper det blir mange slike kveldar framover!



 

Ynskjer alle ein retteleg fin mai-kveld!

Setter STOR pris på alle fine kommentarar og gode ord!

Klem frå Elin