...

Viser innlegg med etiketten DIY J U L. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten DIY J U L. Vis alle innlegg

tirsdag 5. november 2013

Small houses in driftwood, black & gold

 
 
 
 
 

 
 

 
 
Elin + stikksag = ein liten by av trehus...
Kosar meg med små prosjekt...
 
Og dette kan kanskje inspirere andre?
Kvifor ikkje gi bort nokre
i julegåve?
 
 
 
 
Elin
 
 
 
 
 


søndag 25. november 2012

Effektiv søndag med baking, måling og stjerne DIY

 
 

 
 





 
Tidleg oppe med ein kropp som endeleg har tenkt å gi meg fri frå smerter...
Ja, eg stoppa opp og gråt nokre tårer før i dag... Av glede...
 
Mannen min måla andre strøket på peisveggane med
Pure&Original kalkmåling. Det var jo på tide... Eg har rydda, og prøvd ein pakke med ferdigblanda kakemix, som eg fekk av Kristin på Herlighet. Havrekjeks/kaker av merket Royal Cookies. Blanda kun i eitt egg og hundre gram smør. La deretter deig med skei på steikebrettet, og gav dei eit trykk. Etter elleve minutt i ovnen, var dei klare, og VELDIG gode. Ungane likte dei også.
 
I går hadde eg eit prosjekt med å lage ei stjerne. Saga henne ut av ei tynn treplate.
Pussa kantane, og måla henne svart. I dag har ho fått kome opp på kjøkkenveggen, og så har eg festa på ei lysslynge. Skulle egentlig lage ei slik som TineK har på sine bilder. Men eg trur det blir for vanskeleg? Får studere litt til.
 
 
Eg vil igjen takke alle som er innom Draumesidene, for fine ord og gode smil. Og takk også til deg som ikkje legg att nokre spor. Bloggen passerar 400.000 treff om litt. Det gjer meg tankefull og takksam. Berre to mnd.sidan den passerte 300.000. Eg prøvar å fortsetje som før, og håpar at bilder og tekst kan inspirere vidare mot 2013.
 
 
 
Elin
 
 
 


mandag 12. november 2012

Forsøk på å ta bilder i nye vinklar, og korleis lage din eigen julenedtellings-sak!

 
 
 




 
For her er jo tv`en vår! Den som ikkje kom med i interiørreportasja... Eg fekk spørsmål seinast i helga, om vi verkeleg ikkje hadde tv i første etasje? Klart det! Sjølv om han er lite brukt sommarstid, kunne eg ikkje tenkje meg å vore den for uten no i mørketida. Og eg synes det er heilt uproblematisk interiørmessig. Ein tv er ein tv. Benken er frå IKEA, og er over fem år gammal. Bildelistene kjøpte eg på Stranda Blomster, og dei små hyllene bortanfor laga eg av element frå Clas Ohlson.
 
Julenedtellings-saken, er eit metallfat kjøpt hos Plantasjen. Det fanns i kvitt og mørkegrått. Eg har pussa ned dette med fint sandpapir, og deretter måla med to strøk tavlemåling. Tada! Eit perfekt tavlefat til å telje ned dagane før jul. Eg har nemleg ein lillebror her som stadig vil vite KOR mange dagar det egentlig er igjen til julaften??? Veit ikkje om vi er heilt på rett tal, men sånn ca.  
 
Forresten, den alltid like lekre varmepumpa skimtast i bakgrunnen.
Når vi snakkar om ting som gjerne kunne vore ute av syne...
But I love my varmepumpe! :) Heilt OK den også!
 
 
Har fått meg svarfelt inne på kommentarar. Det gjer det litt enklare
å spørje meg om ting, i tillegg til at eg kjem til å bruke dette for å få takka for fine ord og positive heiarop i løpet av veka. Eg håper at dette gjer det enklare å kommunisere med meg!
 
 
 
Elin
 
 
 


onsdag 7. november 2012

Drivvedstre som julekalender

 
 
 
 
I dag har eg endeleg fått gjere ferdig storesøster sin julekalender.
Laga av drivved frå fjøra. Til pynt har eg laga silkepompongar, ikkje så vanskeleg
skulle det vise seg? Storesøster har ein avtale med oss om 10-12 pakkar i desember. Ikkje
dyre ting, men slikt som ho treng. Lillebror vil ha LEGO Starwars-kalender. Så då får han det.
 
Eg har lenge hatt planar om å gjere litt meir ut av trappeoppgangen til loftet.
No skal det bli. Men det blir nok i kjent Elin-tempo, ikkje
så fort kanskje.. Men nokre hyller og litt andre
ting skal få kome opp på veggane.
 
Eg var heldig å få eit kjempekjekt oppdrag frå
eit reklamebyrå i går. Takka sjølvsagt
ja! Så i dag har eg tatt fram jule-
musikk, og prøvd å kome
i rette stemninga.
 
Blir nok vist her på
bloggen
også!
 
 
Elin