Eigar Kristin & butikksjef Sonja skjenkar opp
velkomstdrinkar
Nydeleg dekka langbord,
og gjestane har byrja å kome
Ann Helen, Marianne og Solveig.
Ekstra kjekt med besøk frå NIB jentene!
Ja kva skal eg seie? Nyyydeleg mat,
eg stod sjølvsagt ved bordet og åt. Noko som eg anbefaler
alle, veldig praktisk! ;)
Desse fekk eg faktisk oppskrift på, du skal sjå det blir eit
matinnlegg på Draumesidene før jul?
Marianne i fullt driv. Ho byrja med ei lita handlekorg,
men måtte skifte ut til ei med hjul under :)
Eg skulle gjerne ha vist MANGE fleire bilder, men eg klarte ikkje å ta fleire i går kveld. Fann fort ut at eg måtte prioritere bort kameraet. Men vi hadde nokre kjempefine timar hos Herlighet. Det var så kjekt å sjå alle fjesa bak bloggane eg har vore innom siste veka! Vi fekk nydeleg mat, med produkt frå Nicolas Vahè, drikkevarer og fri kaffebar. Butikkeigar Kristin Birkevold Aakre fortalde om bakgrunnen til Herlighet, litt om sitt eige liv, og sine draumar. 22 jenter fekk til slutt handle med 30% rabatt, og det sei seg sjølv at slikt blir ein høydare ;)
Når vi gjekk, fekk vi med "godteposar" frå butikken, med interiørsnop! Eg har faktisk ikkje fått sett over alt enno, men har pakka ut eit nydeleg sengesett, varer frå Nicolas Vahè m.m. :)
I dag kjennes det ut som om noko har køyrd på meg, men det går nok over. Det var vel verd opplevinga! Skulle gjerne ha snakka med fleire, men er ikkje så god på å mingle sånn som forma er no. Håper at det kjem eit nytt treff snart, slik at vi alle kan bli enno bedre kjent!
Anbefalar interesserte å gå inn på bloggen til Marianne (Kvardagslykke).
Ho har MANGE flotte bilder frå i går kveld!
TUSEN - TUSEN TAKK TIL KRISTIN, SONJA
OG RESTEN AV GJENGEN PÅ HERLIGHET! DETTE
VAR EI FLOTT OPPLEVING!
Elin