...

torsdag 20. desember 2012

Julestove, eg har kjøpt presangar til meg sjølv...

 
 
 
 
 
 

 
 




 
 
I dag vil eg anbefale ein fiiin nettbutikk, Nord Design. Eg bestilde nokre julegåver
til meg sjølv, og eg er fornøgd! Nord Design har mange fine merker, fin sørvis og rask levering. Eg har hatt lyst på Kahler produkt leeenge. Men har tenkt at det kanskje er ein slik "bloggting", at eg hadde blitt fort lei. Eg kan med sikkerheit seie at eg IKKJE blir lei av vasen og skåla eg fekk i posten i går. I`m in LOVE! Skåla står på kjøkkenbordet, men vasen har fått plass på stova med lerkekvist i. Granputa frå Fine little day tilførte akkurat nok julestemning i sofaen. Og den skal få vere der etter nyttår også. Sukk! Nei, no er eg fornøgd altså!
 
Sola kom inn vindua når eg tok bilder,
i morgen snur ho! Og som den vårjenta eg er, får eg kribling i magen
av tanken på at det går mot lysare tider. Eg gjekk årets lengste og raskaste tur i går, heilt opp til fjellet. Rekordane mine blir slått for kvar dag. Vil takke for alle herlege helsingar på forrige innlegg, eg hadde ein flott 18.desember! Og eg skal fortsetje å skape magi utover vinteren 2013. Eg vil ha igjen livet mitt, og eg har lyst "å bli meg sjølv" igjen. Det går desverre utover blogginga, men eg håper at folk kan bli inspirert likevel. Eg er hyppigare innom INSTAGRAM med bilder, så du kan finne meg der under draumesidene.
 
 
Med ynskje om ein fin fin innspurt
til JUL for alle!
 
 
Elin
 
 


mandag 17. desember 2012

Du grøne glitrande...

 
 
 
 
 
 
Så kom det eit bilde av juletreet også.
Skal ta bedre bilder når det er ferdig pynta neste helg,
dette er ein "light-versjon" ;)
 
Det er ei edelgran, vi har hatt denne typen tre
siste åra. Men eg trur ikkje ho får stå til januar, sidan
vi har bestemt at treet får vere på kjøkkenet komande veke også.
 
Men egentlig litt godt å ha leita fram og sortert pynten,
sjekka om lysa fungerer osv. Ofte slikt som skjer her i huset i siste liten.
 
*
 
I morgen er det eitt år sidan eg vart sengjeliggande
med prolaps nr.4. Har grua meg til 18.desember. Prøver å tenkje at det er berre nok ein dag i livet mitt, men merkar at eg er nervøs og ekkel i kroppen. Tankane reiser sine eigne veiar, og minna frå 2011 blir ekstra sterke. Difor har eg bestemt meg for å gjere ting i heile morgen som eg likar. Det blir nok blant anna ein tur ut til havet. Og så skal eg tenkje tilbake på 18.desember neste år, og ha fine, nye ting å assosiere datoen med. Dagen eg bekjempa redsel. Dagen eg gjekk vidare.
 
*
 
 
Ynskjer alle ei fin veke inn mot jul!
 
 
Elin
 
 
 


søndag 16. desember 2012

Jul på kjøkkenet

 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Eg har fått ein kjempekjekk forespørsel om å vise bilder frå
vårt julepynta hus. Klart ein takkar ja til slikt. I dag har eg til og med pynta
juletreet på kjøkkenet, ei veke før enn vi brukar å gjere det. Det skal få stå kaldt fram til neste helg. Eg viser sjølvsagt alle bilda etter at dei er publiserte. Men her er ein aldri så liten sneak peak ;)
 
Desembersola fløymde inn vindua medan eg tok bilder.
Til å bli kjempeglad av. Eg kan ikkje huske ein så flott julemånad?
Eg har akkurat gått ein lang tur opp mot fjellet, og lyset i skyene etter solnedgangen var magisk.
Ikkje vanskeleg å kome i den rette stemninga, sjølv om vi nesten ikkje har snøv.
 
 
Ynskjer alle ein fortsatt fin adventsøndag!
 
 
Elin
 
 
 
 
 


lørdag 15. desember 2012

It`s beginning to look a lot like...

 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Lys, lys hvor er du? Jammen glad det berre ei veke igjen til sola snur! :)
Men det vart bilder i dag også! Kanskje kjedelege, fargelause og litt dystre? Det er vind
hos oss, men ingen nedbør. Synes synd i alle som har storm + snøv i tillegg. Her er
det juletrehandel som står på agendaen. Det blir nok ei traust gran, som vanleg.
 
Eg skal også lage ei ladning til med peparkakemuffins,
deler nok oppskrifta her inne ein av dagane før jul. VELDIG gode!
Laga sist laurdag, men dei var borte før klokka 12
på søndagen...
 
 
Elin
 
 
 


fredag 14. desember 2012

Dekking av julebord på kjøkkenet

 
 
 
 
 
 
 
 
 
Skulle egentlig dekka julebord og fotografert i dag, men forma er laber.
Det slo meg at eg alltid bloggar på dårlege dagar. Så det at det er langt mellom innlegga i desember, er egentlig positivt? Kryssar fingrane for at morgendagen er mykje bedre, og at bordet blir ferdig.
Kanskje kan nokon finne inspirasjon i desse bilda også? Eg har handla på Herlighet og Åhlens.
 
God helg!
 
 
Elin
 
 
 


tirsdag 11. desember 2012

Juletre av interiørbilder

 
 
 






 
 
Eg har hatt planar om å lage eit tre på veggen av mine eigne interiørbilder.
Det er det mange som har gjort før meg. Seinast flinke Anna-Malin med bloggen Helt enkelt 
Men så var det dette med å kome i gang. I dag var det visst dagen, for eg har fått orden på både det eine og andre. Merkeleg kor fort gjort ting er, berre ein byrjar...
 
Til alle som spør om bilder og lys i desember : det er vanskeleg!
Eg brukar stativ dagleg. Det er vanskeleg å få gode bilder på denne tida av året!
Eg brukar ikkje blitz, og eg prøver å unngå lampelys.
 
 
Elin
 
 
 


mandag 10. desember 2012

Adventstid i heimen

 
 
 
 
 
 
 
Blir litt sånn I`m dreaming of a black & white christmas... ;)
Men eg er veldig glad for å ha fått kalkgrå vegg på stova!
 
Den store diskusjonen akkurat no er kva juletre vi skal ha.
Gran, furu, sedertre, lerk...
 
Hmmm...
 
 
Takk for alle fine helsingar!
Eg prøver å svare under kommentararne!
 
 
Elin
 
 


søndag 9. desember 2012

C h r i s t m a s - m y w a y

 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
I asked my daughter yesterday, if she was disappointed of my
Christmas style. I know this is not the traditional way to decorate a home for the season. She smiled at me, gave me a hug and said : I love you, I love your decorations and I think we have a lovely home.
 
Sometimes I wonder, if my passion for interior ruins my childrens
expectations? Why do mum always have to do something new and different from the more "normal" people choices? But after my daughters answer, I breath in and out, and smiled.
 
I will continue to make Christmas - my way.
 
 
I wish the best for everyone!
 
 
Elin
 
 
 


lørdag 8. desember 2012

fredag 7. desember 2012

Julestemning i heimen til ære for NIB

 
 

 




 

 
 
 

 

 

 

 
Lysposar med DIY-tekst og gåvepapir, Herlighet.
 
 
Ei lite aktiv bloggejente har røska seg ut av
vinterdvalen, for å lage eit innlegg til NIB si utfordring
Jul i vårt hus.
 
For her er jul i huset vårt?
Og viss eg held motoren i gang, kan det nok
bli enno meir jul i veka som kjem! Eg har tatt imot ei
utfordring om å vise meir av heimen!
 
Ikkje vanskeleg å kome i stemning i alle fall,
fjorden og fjella rundt oss er julepynta med frost og is.
Dei nydelege timane med sol frå strålande himmel, og herlege turar opp til fjellet gir
meg energi og overskot. Det blir stadig fleire av dei gode dagane. Og eg er så veldig takksam! Dei mest oppmerksame ser kanskje at det har blitt forandringar på stova? Når ein får eit gåvekort på 2.500 kroner frå Maxbo, er det liten tvil om kva eg ynskjer meg? Ja, den svarte veggen held ut nesten eitt år, men har no tatt ferie på ubestemt tid... Og eg ELSKAR min nye, kalkgrå vegg frå Jotun. Med den finaste matte finishen! Gorgeous! :) Og kontorplassen flytta på seg også, nesten av seg sjølv...
 
 
Ha ei vakker desemberhelg der ute!
Og stikk innom NIB for meir inspirasjon!
 
 
Elin
 
  


onsdag 5. desember 2012

Spending time in the mountain

 
 
 
 
 
 
Blue dream...
I have had a cold day in the mountain.
Getting inspired by nature.
 
 
Love
Elin
 
 


søndag 2. desember 2012

Iskaldt ute, kos og varme inne

 
 
 


 
 
Tenk at det vart 10 minus, og for kaldt til fotografering av borna på fjellet, slik planen var.
Men fekk kjekt besøk, og kosa oss inne framfor peisen i staden for. Vi kunne knapt fått ein flottare første søndag i advent. Fjorden og fjella er vakrare enn nokon gong før, kanskje for at eg er så ubeskriveleg glad for å vere ute på lange gåturar igjen. Eg har hatt nokre dagar med smerter, men håper på nokre fine dagar igjen i den nye veka som ventar. Vèret skal visst vere det same, nesten som eit eventyr. Eg elskar desember når dagane er så lyse, og gir så mange eventyrlege opplevingar.
 
 
Takk for fine helsingar her inne, på mail,
og FB! Håper at nokon er glad for nokre uventa bilder, eg må innrømme at
eg blir frista til å blogge når folk bed så fint ;)
 
 
Nyt den nye desemberveka!
 
 
Elin
 
 
 
 


lørdag 1. desember 2012

My daughter`s debut as a photographer

 
 
 
 
 
 
 
 

 
 
Hei alle fine! Eg har prioritert helse framfor blogging siste veka, og kjem til å fortsetje med dette. Eg har problemer med høgre handa mi, i tillegg til andre muskulære utfordringar på vinterstid. Dette har vore slik i alle år. Men det er klart at det blir ekstra tøft med skadane i ryggen i tillegg. Uansett, eg har gode dagar innimellom, som eg NYT det beste eg kan. Eg har kome i gang igjen med gåturar på fjellet, noko som eg ELSKAR! Trudde ikkje eg skulle rekkje dette i 2012, men takka vere eit fantastisk vèr, kan eg nyte dette dagleg.
 
Eg har likevel forskjellege prosjekt på gang, både med interiør og andre ting.
Det kjem nok bilder etter kvart. Men det er ikkje førstepri no! 
 
I dag har eg vore på min første fotosession ever!
Det er flinke jenta mi Synne som er fotograf.
Bilda skal brukast i ei reportasje.
 
Eg kan absolutt anbefale dette til fleire;
eg må innrømme at det var morsomt
når vi føsrt hadde varma opp.
 
Så no skal eg ikkje ha panikk
for å bli tatt bilder
av lengre!
(trur eg?)
 
 
Eg vil ynskje alle der ute ein flott desember,
eg håper at månaden blir positiv for oss her i huset også.
Eg prøvar så godt eg kan, å ikkje tenkje på fjoråret.
Dette er ein fersk og ny julemånad,
som vi alle kan fylle med meiningsfulle ting!
 
 
Største klemmen til alle
frå
 
Elin
 
 
 
 
 


mandag 26. november 2012

A big thank you to my readers, with pictures from my kitchen!

 
 





 
 


 
Eg har alltid sagt at eg er glad for at mange finn vegen til Draumesidene. Har aldri lagt skjul på at dette er ein slags CV for meg. Ein attest på at ein kan fungere, sjølv om kroppen kranglar, og ein kjenner seg ubrukeleg og unyttig. I dag har eg ein slik dag, der eg ser attende.
 
Eg ynskjer meg god helse i framtida,
det står øvst på ynskjelista mi. Om eg kan få det ynskjet oppfyld,
vil eg ta draumane mine vidare. Og det er mykje enklare å halde på desse draumane, når så mange menneske er innom bloggen min dagleg. Eg er stolt og glad over at eg aldri gav opp, men fortsette å arbeide med å ta bedre bilder, og bli flinkare å velge ut motiv og style. Overfladisk? Unyttig? Kunne gjort noko anna meir målbart med denne energien? Kanskje. Men for meg har bloggen vore
ein livsnerve, ein ven som har fått meg ut av senga på dei tyngste dagane.
 
Og det hadde ikkje vore det same, utan alle dokke som er innom,
og ikkje minst dei som legg att fine ord og helsingar!
 
 
I kveld feirar vi Draumesidene her heime,
og eg er så glad for at mine nærmaste gleder seg saman med meg!
For dei veit kor viktig desse sidene er for meg.
 
 
See you in near future!
 
 
Elin