Blogging i rykk og napp... Rammeveggen min er ikkje ferdig enno. Men eg fann denne gamle nøkkeltavla i påska. Synes den fortener ein heidersplass på stova? Og årets første peonar er på plass. Kvite og nydelege. Eg er mest ute for tida. Sola skin kvar dag, og trimturar og hagestell er førsteprioritering. Takkar for alle fine kommentarar, og alle besøk! Som eg har sagt før; eg føler meg priviligert, som har det slik. Eg er slett ikkje flink til å gjenbesøkje. Tilgj meg det... Det har vore nokre harde månedar, og eg strekk ikkje til på alle områder. Både fysikk og psyke har fått prøve seg. Men bloggen er min fristad, ei sone for smil, inspirasjon og draumar. Her prøver eg å vere positiv, og håper å kunne glede andre. Det gir ein veldig god følelse. Og eg gløymer litt av problem og smerter som ellers har prega kvardagen. Difor fortsetjer eg å blogge. På grunn av det dokke gjev av smil og meldingar tilbake. Det er verdifullt for meg. Men føl for all del ikkje at du må leggje att kommentarar! Det er ein flott følelse i seg sjølv, at så mange er innom dag etter dag!
" ...som å ha sin eigen engleskare..."
sitat Elin
TAKK ♥