Eg har rett mykje å takke for, når eg tenkjer meg om. Det er ikkje mange dagane sidan eg såg ganske svart på det meste. Lei av helsa som skrantar, og med null energi til noko som helst. Men "the only way is up!" Ikkje alltid så enkelt å tenkje slik. Men det er dit tankebanene må. Når eg har det labert, setter eg ofte inn eit støt for å kome meg opp av bølgjedalen. Så viss nokon stussar; ja eg har blogga mykje siste dagane. Med vilje. Og med dei tilbakemeldingane eg får, prøver eg å finne ny giv. Det dreier seg ikkje berre om blogginga. Det handlar om så mykje meir. Bloggen min har vore mi drivkraft på tunge dagar sidan oktober 2009, og kan nok hjelpe meg denne gongen også. Det handlar også om å blogge på nye måtar. Å ikkje køyre seg fast i eit spor. I alle fall for min del. Det er sunt å rive seg sjølv opp med rota av og til. Tørre å gjere ting på nye måtar. Så det skal vere eit mål neste vekene. I alt eg gjer.
Fekk denne awarden frå REGINE med bloggen Regines kreativiteter for nokre dagar sidan. Eg er ikkje flink å ta imot slike lenger. Og slett ikkje flink til å gje dei vidare. Det betyr ikkje at eg ikkje blir glad for dei, eller synes at det ikkje er meiningsfyllt å gi bort slike! Eg har valgt å gi dei til lesarane mine siste tida, og det vil eg i dag også. Det finns SÅ mange flotte bloggar, og eg får meg med nye bloggar også innimellom. Regine har originale løysingar på fleire ting i huset sitt, kanskje blir du også inspirert av hennar påfunn!