I have realized that I have a lot of foreign readers. And I appreciate it a lot!
I hope you find some meaning in my texts, using the translator on the top of the blog.
A bit funny translation, but I guess you get an impression of what stories I try to tell :)
The last months have been crazy, I never believed that The dreampages (Draumesidene), should have such big audience. It looks like the counter will pass 50.000 unique hits october/november 2012. I want to thank you all for visiting my blog!
The pictures today, are from the master bedroom.
Have a nice weekend!
*
Kjære alle saman der ute! Eg vil takke for ENORMT mange besøk siste vekene! Teljaren ser ut til å passere 50.000 unike treff for siste åtte vekene. Utruleg! Bloggen åpnar stadig nye dører for meg, og prosjekt og jobbtilbod snik seg inn i mailboxen med jevne mellomrom. Dette er fantastisk, med tanke på min situasjon, og korleis eg har streva med å kome meg gjennom siste åra, og spesielt 2012. Det viser at ein faktisk kan lukkast, sjølv om alt anna skulle tilseie at ein berre skulle lagt seg ned og gitt opp. Eg har eit intenst ynskje om å bli bedre, og få ta til på ein annan kvardag. Enn så lenge gjer eg det beste ut av dei dagane eg er så heldig å få vakne opp til.
Fotolæraren min skreiv til meg forrige veke, at han likte at bilda mine er så lyse og optimistiske, trass i at eg ikkje har det så bra. Dette var veldig kjekt å høyre. På ein kommentar for nokre veker sidan, skreiv ein lesar at bilda mine lyste av fred og harmoni. Eg er svært glad for at det eg skaper, kan gi slike signal til dei som ser bilda, for det er slik eg ynskjer å få vere sjølv.
Bilda i dag er frå soverommet, og ein ser ein skimt av loftstova som ligg vegg i vegg.
Ynskjer alle ei god helg!
Elin