...

mandag 29. desember 2014

onsdag 17. desember 2014

Kobberlysestake, DIY

















Hei alle som er innom! Snart er det jul! Tenk det?
Bloggen er forsømt stakkar, ho som skal ta bilder og skrive har vore heilt på ein snurr siste månedane. Det har vore mykje jobbing, og mykje fjellturar. Eg hadde tenkt å lage eit innlegg i ny og ne, men det er lett å dette av lasset viss det går for lenge mellom kvar gong.

Eg har jobba hos eit rørleggerfirma siste året. 
Eg har heile tida hatt lyst å lage lysestakar av kobberdeler. I går gjekk den draumen i oppfylling! Og det gav enormt med meirsmak! Den toarma lysestaken vi lodda i går, blir lagt ut på FB-sida til firmaet, og vil bli gitt bort til ein heldig vinnar 23.des. Dessverre er det berre folk innen Norge som kan delta i konkurransen. Reglane er enkle, ein likar firmasida, og deler bildet frå konkurransen.

Viss du har lyst å vere med, kan du bruke denne
linken HER

Eg vil ynskje alle fine lesarar der ute ei vakker julehøgtid!
For akkurat tre år sidan i dag, datt eg om med min fjerde prolaps... Jula vart ikkje slik som eg hadde tenkt. Men den kom og gjekk likevel. Oppfordrer alle om å gi ekstra omtanke til folk som treng det! Det skal ofte ikkje så mykje til! 

I wish you all a joyful X-mas!



Elin