...

søndag 27. oktober 2013

Sleeping beauty...

 
 

 
 
 
 
 
 
 
Eg er her! Men i litt slow motion... Haustmoduset fører til at eg ikkje klarer alt som eg trur i løpet av veka. Skulle jo lage eit innlegg frå den ferdige gangen, men den er slett ikkje ferdig ;)
Tenkte eg kunne dele nokre bilder av dette nydelege nurket? Ei sovande prinsesse som fekk prøve senga mi.
 
Ynskjer alle ei flott, ny veke!
 
 
 
 
Elin
 
 
 
 


tirsdag 22. oktober 2013

Makeover hall | Gangen får glede av å "bli ny med Elin"

 
 
  
 
 

 
 

 
 
Skulle ha gjort det lenge... Eit slikt prosjekt som har tatt lang tid i hovudet. I dag kom eg i gang. Eitt strøk med Jotuns Lady Supreme Finish, dempet sort er på plass på eine veggen i gangen. Eg har vore litt i tvil om det vil bli for mørkt? Men eg trur eg synes det vart OK? Må vente til i morgen før eg bestemmer meg. Eg vann jo produkt frå Maxbo i fjor i november via NIB, og det var dette gåvekortet eg brukte til målingskjøp. Fantastisk sørvis og hjelp hos Marius på Maxbo Ålesund! (som ikkje visste at eg blogga når han hjalp meg)
 
Fleire bilder kjem heilt sikkert uansett
kva eg bestemmer meg for.
 
Ha ei fin veke der ute!
 
 
 
Elin
 
 


fredag 18. oktober 2013

Ved peisen | By the fireplace


 
 
 
 

 
 

 
 




 
 
A touch of winter in my fjord... The snow makes the air cold, and the mountains have got that white sprinkle. Very lovely... We are searching for the winterequipment, not all of us have controle of where we put shoes and clothes last spring? Anyway, I just started thinking of november, and preparations for descember an X-mas... Time travelles fast...
 
 
Happy Weekend to all!
 
 
 
Elin
 
 
 
 


mandag 14. oktober 2013

Drivvedhus på kjøkkenbordet | Driftwoodhouses on the kitchentable

 
 
 
 
 

 
 







 
 




 
 
 
Har hatt planar om å lage nokre små trehus av drivved, med "piper" av svarte, tynne lys. I dag var dagen. Nydeleg, kaldt vèr ute, men eg er sliten etter ei innhaldsrik helg. Godt å vere inne, fyre i ovenen og vere litt kreativ. Ellers ryddar eg puter... Og leiter etter dei eg tok bort når våren kom... Som eg faktisk ikkje synes er så lenge sidan? Og ballongane... dei er på golvet enno.
 
 
 
Elin
 
 
 


fredag 11. oktober 2013

Vakker dag ute, vakker dag inne...

 
 
 
 
 
 

 
 

 
 




 
 
 
Takk og pris for sol og blå himmel...
Alle problem blir mindre, og det som gjer vondt falmar bort...
Kan ikkje få lovprisa hagestova nok....
Ein fantastisk stad å vere...
 
Drøyme...
 
 
God helg der ute!
 
 
Elin
 
 
 
 

torsdag 10. oktober 2013

Balloons on the floor, chaos in my head and in my kitchen | Ballongane nede frå taket, men kaos i huset og i hovudet mitt

 
 
 
 
 
 
 
 
 

 
 

 
 

 
 
Etter ein aldri så liten haustferietur, er vi heime igjen. Ballongane er komne ned frå taket, men ikkje lengre enn ned på golvet. Vaskemaskina går for fullt, klede skal på plass. Og min energi er ikkje den beste. Men akkurat no rivnar skydekket, og sola stråler i fjorden. Etter nokre dagar med grått og trist vèr, er dette heilt magisk! Kjenner at ein varme breier seg inni kroppen, og at det er lettare å smile. Og etter ein tur med kameraet, er humøret fleire hakk bedre. Eg er heilt bevisst på at bloggen ikkje skal vere ein stad der eg klagar. Den har alltid vore ein reiskap for meg, ein stad eg prøver å vere positiv. I desse dagar har eg hatt både sjukehusbesøk og vurdering av helsesituasjonen min. Det er ikkje kjekke ting å gå gjennom. Føles som om det er kaos i hovudet mitt. Eg har blitt drivandes flink til å late som om ting er bra, smile meg gjennom vonde dagar, og faktisk fortrenge alt som er gale. Men akkurat no er eg smerteleg klar over korleis ståda er. Eg skal likevel fortsetje å kjempe for å bli frisk. Dagens blogginnlegg er til ære for alle andre der ute som har det mykje verre enn meg. Eg veit at eg er kjempeheldig som har fått oppleve så utruleg mykje flott i 2013. Ein enorm framgang, og så mange positive opplevingar! Så av den varmen som breier seg i meg no, sender eg det meste vidare til dei som treng den meir enn meg!
 
 
Stå på!
 
 
 
God klem frå Elin!
 
 
 
 




tirsdag 8. oktober 2013

Dagen derpå, bursdagskjøkken

 
 
 
 
 

 
 
Enkel pynting til bursdagsfesten i går kveld. Svarte og kvite ballongar, og papirdingsar i taket. Har jo sjølvsagt gløymt kva slike heiter? Fann i alle fall MANGE fine på Herlighet! Og dei blir hengande, ballongane skal vel ned etter ei stund? Vi kan jo ha feststemninga ei stund til? Det er trass alt haustferie her! Og når ungane er så flinke å hjelpe til å rydde og ordne opp, så har mor ingenting imot at det striregnar ute! Koseleg med levande lys og fyr i peisen!
 
 
Elin
 
 
 


søndag 6. oktober 2013

Søndag, regn, plommer | Sunday, rain, plums

 
 
 
 



 
 

 
 

 
 
Søndagsmodus, ein slik grå dag der vi alle er litt sprø av kjedsomheit...
Plommer frå hagen til mamma, alt for gode, og alt for lett
å ete for mange... Eg har dessverre ikkje hatt noko
god veke, men ein lyt tru at den neste
blir bedre?
 
 
Ynskjer alle lesarar ei
FIN, NY
OKTOBERVEKE!
 
 
 
Elin
 
 
 


onsdag 2. oktober 2013

Indian Summer

 
 
 
 
 
 
 
 
Lillebror på 8 og eg har vore ved sjøen i ettermiddag.
Fantastisk fint, stille og varmt... Og det på andre
oktober... Vi tok bilder, junior har fått dreisen
på kameraet mitt han også ;)
 
 
 
 
Elin