...

torsdag 29. august 2013

Kjøkken | Kitchen

 
 
 
 
 
 

 
 

 
 




 
 
 
Slutten av august...
Klare for september?
Og kjenner faktisk at eg har lyst å finne
på nokre kreative krumspring? ;)
 
 
 
Elin
 
 
 


onsdag 28. august 2013

Lillebror på veggen

 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Skjer lite på interiørfronten... Tida går med til andre sysler. Men kanskje kjem bloggelysta tilbake til hausten? Eg veit ikkje. Har fått laga bilder av både storesøster og lillebror i sommar i A3 størrelse. Gleder meg til å få på glas og ramme!
 
 
 
Elin
 
 
 
 


tirsdag 27. august 2013

Still flying high...

 
 
 
 
 
 

 
 

 
 
 
Hornindalsrokken 1526 moh
 
 
Eg kjemper vidare. Ikkje alle dagar er like gode. Men så kjem det ein gedigen opptur, slik som denne turen på søndag. Og sjølv om turen opp krever enormt fysisk, og ikkje minst psykisk, er belønninga enorm når ein kjem opp på toppen og får sjå eit slikt syn... Eg er så takksam, huskar veien hit. Eg tek ikkje ei einaste glede for gitt! Alt ved livet skal nytast! Eg gleder meg til å fortsetje kampen om å få livet heilt tilbake!
 
 
 
Elin
 
 
 


fredag 9. august 2013

Eventyr 1564 moh

 
 
 
 
 
 

 
Turbeskrivelse finn du HER
 
 
I går besteig eg Slogen, eitt av mine største mål. Var oppe for 18 år sidan, og eg har alltid tenkt at eg skulle gå opp dit igjen. Etter fjoråret med krykker og halting og min fjerde prolaps, var det ikkje slik at eg trudde det var mogeleg å gå denne turen i sommar. Men med rett kosthald, vektnedgang og timevis med trening, innsåg eg at det kunne la seg gjere. Siste månaden har gått med til trening, mentalt og fysisk. Null blogging og nesten ikkje bruk av kameraet. Berre full fokus på å kome i bedre fysisk form igjen. Og å slappe av. Eg fekk meg ein skikkeleg nedtur på forsommaren, følte meg tom og ute av stand til å bli bedre. Målet er jo å bli heilt frisk!
 
Gårsdagen var ikkje av dei optimale, måtte ta medisin før eg starta. Og skodda låg heilt ned i dalbotnen. Men med OK sikt. På ca.1200 moh kom vi over dette laget, og utsikta var makelaus! Sjølv om vi ikkje fekk noko åpning i skylaget, klagar eg ikkje. Eg veit jo korleis utsikta var sist eg var oppe. Eg sleit veldig på veg heim heilt frå toppen, og halta siste 10 km, MEN det var verd det! I dag er kroppen tom, og verker. Men eg smiler :) Vi kan klare utruleg mykje viss vi bestemmer oss for det! Eg kryssar alt eg har for at smertene går over om nokre dagar, og eg har bevist at eg er mykje tøffare enn eg trudde sjølv! Husk endeleg på at det ligg hundrevis av treningstimar bak denne turen, sidan nyttår. Både med 15 km gåturar fleire gongar i veka, og økter på helsestudio. Det var ikkje berre å slå sammen hendene, og hive seg avgårde på fjelltur!
 
 
Eg har fleire mål ;)
Og er allereie i gang med å "tenkje
dei gjennomførbare"...
 
Håper desse små glimta frå mitt liv
kan inspirere andre til å
nå sine mål!
 
 
 
 
Elin