...

onsdag 31. juli 2013

Farvel juli - men enno sommar!

 
 
 
 
 
 
 

 
 
Lavendelen blomstrar i alle krukkene på terrassen.
Eg berre elskar denne planta. Både lukta,
fargen og utsjånaden.
 
Det er noko magisk over eit bord dekka med lin og lavendel -
eller kanskje er det berre eg som er i
overkant entusiastisk?
 
Siste juli... Alltid vemodig, men eg har bestemt at denne hausten skal bli the best - EVER! :)
For det er jo vi sjølve som bestemmer mykje av innhaldet i liva våre?
 
Men aller først skal vi NYTE
seinsommaren med alle dens lukter og gleder!
 
 
Takk Juli for alt du har gitt
oss av opplevingar!
 
 
 
Elin
 
 
 


torsdag 25. juli 2013

Draumesidene i Foreldre & Barn

 
 
 
 
Midt i sommarferie, sol, bading i sjøen, skrubbsår, kleggstikk, fjellturar, grilling på hagestova, solnedgangar som gjer vondt i bringa, tårer over å ha nådd nye og usannsynlege mål, beising av naust, lykke over lavendel i alle krukker på terrassen, glade barn, kornåkrar som duvar i sommarbrisen, blå, blå himmel og ein fjord kransa med fjell som gjer hjertet mitt sterkt og mjukt på ein gong... Midt inni alt dette kom det eit blad i postkassa i går...
 
 
 

 
 
Draumesidene er med i Foreldre & Barn, nr.8. Eg fekk ein forespørsel i april om å levere eit bilde frå badet nede i hovedetasjen. Lite, men livsnødvendig... viss slikt kan kome inn under ein slik kategori? Og så skulle eg tipse om smart oppbevaring, nettbutikkar eg brukar, og tre bloggar eg finn inspirasjon hos. Eg ser at det står i bladet at ein kan finne oppskrift på korleis eg laga skapet på badet, så då fann eg det smart å stikke innom med eit innlegg med LINK til akkurat dette. Heile innlegget der bildet er henta frå, finn du HER
 
Sola ventar på meg, sikkert ein klegg eller to, og i alle fall
ei overoppheita hagestove som fungerer som kjøkken
i fantastiske sommardagar på Sunnmøre!
 
 
Take care!
 
 
 
Elin
 
 
 
 
 

Reaching goals, living the dream...

 
 
 
 
 
 
Elin på Lauparen, 1434 moh.
Hundrevis av timar med trening og eit lass med viljestyrke...
 
Og følelsen?
 
UBESKRIVELEG
 
 
 
Fortsatt god sommar!
 
 
 
 
Elin
 
 
 
 


mandag 8. juli 2013

Eitt år eldre...

 
 
 
 
 
 
... og lykkeleg i sommarnatta ved havet...
 
 
Fantastisk inngang til mitt
førtiandre år
 
 
 
Elin
 
 
 


tirsdag 2. juli 2013

Still dreaming...

 
 
 
 
 
 

 
 

 
 

 
 
SUMMERDREAMS...
 
 
 
Elin