...

torsdag 24. mai 2012

Morgengry på stova, og påminnelse om utfordring!




Det vakraste lyset i verda er rundt og i huset vårt kvar dag. Lyset som kjem kvart år i midten av mai, og vedvarer heile døgnet. Mørket er borte for ei stund, og eg elskar tida vi er inne i no. Nesten så ein ikkje kan gå og leggje seg. Berre vere oppe og nyte alle fargar og sjatteringar etter at sola går ned bak fjella i halv elleve tida. For så å kome inn på loftstova i sekstida.

Eg har vore nede ved sjøen siste dagane. Nesten ikkje i hus. Naustet til mamma fekk hard medfart i orkanen i jula. No har flinke folk jobba hardt, og det står igjen beint og stolt og skuar utover den vakre fjorden. Støa er rydda, og sommaren kom jammen den også. Skuldrane er solbrende (trass i smøring), og ungane har vannkrig kvar dag etter skulefri. Temperaturar over tjue grader er ikkje kvardagskost i mai? Vi NYT livet det beste vi kan.

Og då blir det lite tid til blogging! Men i morgonlyset i åtte tida i dag, kom desse bilda inn i kameraet. Kanskje lite oppfinsomme, sidan det forrige innlegget omhandla same tema, men den dagen trur eg at både eg, blogger og datamskina hadde solstikk? Blei berre tull når eg skulle publisere innlegget. Saken er, viss du kikar på forrige innlegg, at eg utfordra bloggarar til å vise meg mønster. Gjerne TineK inspirerte ting også, keramikk osv. Flinke Hanne har posta eit bidrag, som eg berre elska! Ynskjer meg slike fliser som ho viser! Veit ikkje om eg har ein hipp og kul nok blogg til at folk vil vere med på dette, men eg håper å oppdage nye bloggar, og ikkje minst bli inspirert! Eg har temmeleg mange prosjekt på gang utover mot sommaren, og all hjelp mottaes med takk!

Då loggar eg av for no, skal ete frokost på terrassen, og bestemme meg for kva som skal gjerast i dag. Kjedeleg å ikkje kunne styre på som eg skulle ynskje, men eg velger heller å føle kjempestor glede over å kunne gjere noko i det heile tatt! :) For det er ikkje alle som kan. Og skulle eg bli frustrert likevel, går eg berre ned i kjellaren og står og ser på krykkene mine nokre sekund. Då går det over.


Håper fleire vil vere med på utfordringa, kjekt om de linkar til meg viss de blir med, men eg stiller ingen krav om det. Dvs. at du kan vise meg eit gammalt innlegg også. Eg skal prøve å finne ein fin premie til favoritten min, kanskje noko frå TineK?


Elin

5 kommentarer:

  1. Nydelige bilder! Jeg sliter med at lyset her har så gyldne toner så bildene får sågul/rødt skjær.. Jeg skal helt klart delta på utfordringen din! Må bare finne noe som passer først! Regner med det kommer MANGE flotte bidrag etterhvert, for bloggen din er definitivt " kul og hip" nok ;) Håper du får en nydelig dag i sola!

    SvarSlett
  2. Her på Østlandet skinner solen også. På slike dager savner jeg litt de vakre omgivelsene og sjøluften på slektsgården vår på Vestlandet :) Ha en fortsatt strålende torsdag! Klemmer

    SvarSlett
  3. Her er det nydelig vær - vi kooooser oss om dagen ja:)
    Alltid så flotte bilder hos deg:)

    Jeg skal henge meg på utfordringen din ja, elsker TineK ♥

    Ha en fin fin kveld:)

    SvarSlett
  4. Nydelige bilder :-)
    TINE k er kjempefint - finere mønster enn dette skal bli vanskelig å finne:-)

    SvarSlett
  5. Vakre bilder som vanleg!!

    Køyrde forbi i dag..
    Var i Fjøra i dag og åt softis i Valldal :-)
    Livet er NO!

    Varm Pinseklem

    SvarSlett

Kommentarane gir næring til min kreativitet! TUSEN takk for at du lyser opp kvardagen min!