...

onsdag 30. november 2011

Desember i morgen...








I morgen brakar det laust! 1.desember for liten og stor. Lillebror har fortalt med opp til fleire gongar at i morgen; I MORGEN!!! Det er ikkje fleire dagar igjen å telle. Det er tid for kalender! O`glede! På mine turar med reportasjeskriving, kom eg over den beste kalenderen av alle. Ein opplevelseskalender, ein kalender som oppfordrar små og store til å gjere noko saman. Ein kan sjølvsagt gjere noko kvar dag, men eg fekk tips om at det kan vere greit å slakke litt på krava, og heller ta nokre få ting kvar veke. I kveld skal vi vaksne skrive lappar om ting vi ynkjer å gjere i lag i desember. Ein felles tur ut, kanskje aking viss det vert snøv, lesing i ei bok, kveldsmat ute i det fri, bålbrenning og kos i skogen... Her er det kun fantasien som setter grenser. Takk til Anne-Martha og Terje for ein fantastisk fin idè!

Eg har vore og køyrd i snøv i dag på fjellet, spunne litt med bilen, og kjent på verkeleg vinterstemning med julemusikk på anlegget. Eg har fått blitt kjend med nok ein skjønn familie gjennom avisjobbing, og vi har hatt ein flott ettermiddag høgt over Storfjorden. Tusen takk til alle som tek mot meg på ein slik måte! Audmjuk og takksam! Eg føler at eg verkeleg får vener gjennom arbeidet mitt? Og så blir eg kjend med spennande menneske, som utvidar mine tidlegare horisontar. Gleder meg til å møte både små og store igjen i framtida!



Nyt siste novemberkvelden 2011


Elin


tirsdag 29. november 2011

Den ultimate inspirasjonen for Elin si jul 2011


Picture : Sweet Paul blog, Magazine

Via mi gode bloggveninne Elin Anita, med bloggen Edda`s, kom eg over dette fantastiske bildet i dag. Det høyrer til bloggen Sweet Paul, og eg fall pladask både for dette bildet, og bloggen generelt. Som eg beskreiv det; det kjennes ut som om nokon pakka opp ein kreativ presang inne i hovudet mitt... Den har liksom alltid vore der, men eg visste ikkje om det? Det vil garantert bli julepynting med inspirasjon frå dette bildet utover desember!


Thank`s to all foreign readers that have become followers tonight, and thank you
Anja with Sofies Haus, for linking to me! Greatful!


Elin


Tips om enkel desemberpynt, og nokre ord til ettertanke...










Lav på energi og litt oppgitt over alt julesnakket før desember er her? Eg forstår i så fall korleis du har det. Når eg var i full jobb, og hadde små ungar, var ofte desember det ultimate marerittet. Det er den måneden du skal besvise at du har styr på ALT, og i tillegg er nyslanka inn i julbordskjolen og med ny frisyre? Eller? Vel, her inne hos Draumesidene kan du slakke på skuldrane og puste skikkeleg med magen. Etter 4 år heime, har eg nesten gløymt kva det var eg var så stressa over? Når ein blir sjuk, skiftar synsvinkelen mot livet fullstendig. Det som før sette meg skikkeleg ut, er slikt som eg løfter så vidt på skuldrane for no. Eg har blitt bedageleg, bikka 40, og lært at ein skal ha krefter igjen i januar og februar også. I mars byrjar eg å livne skikkeleg til liv igjen. Då er våren min innen rekkevidde...

Akkurat no gjer eg mitt beste for å gløyme at det er vinter, og at kroppen ikkje likar denne årstida. Alt blir vondare, strammare og meir intenst. Dagslyset glimrar med sitt fråvèr, og det blir vanskelegare å tenkje positivt. Dei fysiske smertene tek enklare psykisk form i mørke kveldar. Det hjelper imidlertid å blogge :) Å pynte litt rundt omkring, høyre på juleplatene, ete ein mandarin...

Det du ser på bilda mine er verdas enklaste pynting mot jul. Plukk inn kongler og kvistar dersom du er så heldig å ha tørt vèr, gå ein tur og finn ei lerkegrein eller litt granbar. Det er svært lite som skal til for å forandre eit heilt rom. Eg bruker i tillegg forskjellege skinn, som eg har hatt i ti år. Skiene du ser på øverste bildet, var eg heldige å få av ein ven for snart tjue år sidan. Dei har vore i huset til pynt både ved inngangsdøra og i ulike rom sidan det. Ein kjelke kan gjere same nytten. 

Korga frå KID inneheld både furukongler og grankongler. I tillegg har eg lerkekongler. Nøtter er også flott som pynt. Og epler. Og mandarinar... Når eg tenkjer meg om er vel desember ein månad for å vise fram det vi et? I fine boksar, i Norgesglas og i krukker. Kaker og frukt.

Og så kan du tenne lys. Eg har på levande lys heile dagen når vi er på denne tida av året. Sjølv om eg lovde å ikkje tenne eit lys meir, etter nedvask av tak og veggar i vår... Men det er noko beroligande med det. Noko godt. Og det blir så koseleg i rommet. Vi prøver å ha levande lys på bordet når vi et også. Grandiosa med levande lys er fantastisk ;) Her går det mykje i telys, og eg vil kome med ei oppfordring til alle som brukar det : gjenvinn! Lever dei saman med anna glas og metall når dei er oppbrukte!

I morgen skal eg lage reportasje om ein familie som verkeleg skaper jul på gamlemåten. Beundrer slikt, men har innsett at det ikkje er mi oppgåve her i livet? Eg er litt meir coop-julekake typen, som kosar meg med innkjøpte bakverk. Som har droppa julegardinene, og som er ferdige med julegåvene i november, for å unngå stressnakke i desember. Som pyntar juletreet fleire dagar før julaften, sjølv om eg alltid før skulle gjere det lille julaften, fordi det var tradisjon. Men som innsåg at eg stod over vaskebøtta og nesten grein i tretida om natta til kvar julaften og grudde meg til matlaginga neste dag.  Denne jenta har blitt vaksen, og har lært at det å sitje med borna sine lille julaften å slappe av, å sjå forventininga i augene deira, og kanskje klare å kjenne på den fjerne følelsen av barndomens jul; ja det er sjølve lukka! I tillegg også å kunne kjenne på sorga ved det å ha mista mange av dei som var jul for oss før... Å kunne smile gjennom tårer, og fokusere på dei gode minna. Det er det jula handlar om for meg. Det er det eg vil prøve å vere god på.



Elin


mandag 28. november 2011

Ny ynskjecollage til hviit :)



 


Må no vere med på neste trekning også?
Hiv deg med du også!

Gå inn til hviit HER


Elin

 

Advent ved peisen










I dag viser eg peisen med heimelaga julestjerne :) Stjerna laga eg av gamle hesjestaur, og inspirasjonen fekk eg i Geiranger. Der har dei store stjerner av hesjestaur i full lengde, med lyslenkjer på i sentrum. Veldig flott! Kanskje ein idè for fleire?

Ellers har eg leita veldig etter fleire "juleputer"? Mannen meinte at det kanskje var fleire på hagestova, men nei... Puter finn eg over alt, men ikkje dei eg leitar etter... Har vore i alle kott, og i skåpa i kjellaren. Etter denne leiteaksjonen har eg ein tilståelse... Eg heiter Elin, og eg er putoman... Sånn, då var det gjort. Skal jobbe med avhengigheita framover... ;) Enn så lenge laga eg ein herleg dunge med puter og pledd på Tolixskammelen! Kjekt å ha?

Overvelda over alle besøk i går, og alle flotte tilbakemeldingar! Eg trur eg fekk besøkt alle saman tilbake, noko eg er så kjempeglad for! Det veltar inn adventsinspirasjon, når eg har energi til å vere rundt omkring og kike! I dag er eg superslapp av influensa, og har litt panikk for å bli verre? Når eg først har jobbar rundt omkring, ville det vere sørgeleg å avlyse pga. noko slikt. Lillemor er også heime, lillebror er akkurat blitt frisk. Det er vinter, og vi må nok rekne med nokre sjuker framover?


Oppdaga akkurat at flinke Hildegunn har slike vimplar til salgs som eg viste på innlegget i går.
Viss du vil kjøpe deg ein slik, gå inn HER!


Elin

søndag 27. november 2011

Advent på kjøkkenet













Til alle tolmodige lesarar av Draumesidene! Ikkje så mykje nyskapande, berre mitt gamle velbrukte kjøkken. Håper likevel bilda kan inspirere! Store snøfiller dalar ned utanfor, Michael Bublè syng som berre han kan... Telys lunar stemninga i romma, og lysestakane har kome fram på alle bord. Det er tid for kos. Adventstaken er komen opp i vinduet, og bortsett frå influensaen som har tatt tak, har vi ein fin søndag. Håper du og dine også har ein velsigna god første advent!


Elin

 

lørdag 26. november 2011

Vakre små dyr frå ByNord ved adventsstaken



Tilbake frå eit døgn på spahotell :) Vi tok ein liten juleferie på forskot, og sjølv om lillemor vart sjuk av influensa, og vi andre også kjenner på noko i kroppen, var det flott å kome seg bort nokre timar. Vi fekk unna siste julegåvene i fagre Stryn, noko eg er veldig godt fornøgd med! Eg prøvde å la vere, men ba mannen om å køyre tilbake til yndlingsbutikken min der, To Damer interiør. Ei herleg oppleving kvar gong eg er innom, og veldig inspirerande! Butikken er uvanleg fin, og full av dei lekraste varer! Det kjekkaste var at eg for fyrste gong fekk studere kolleksjonen til ByNord på nært hald. LOVE! Skulle gjerne ha kjøpt massevis, men så var det denne lommeboka... Eg kjøpte meg tre små skjønne dyr, til å hengje opp, eller berre til pynt på bordet? Dei står saman med adventslysa og hjorten, og ventar på at det skal bli første søndag i advent :)



Adventsstaken er ikkje ferdig, men det har ikkje vore fristande å gå ut i sterk storm
for å hente det eg treng... Men "Berit" gjorde ingen skadar her, så då får vi tole litt vèr.


Tusen takk for fine ord på innlegga under!



Elin


fredag 25. november 2011

Ynskjeliste i november...


Eg er ikkje tungbedd når det gjeld å lage ynskjelister ;)
Og når det ein skal ynskje seg finns hos herlege Hviit, ja då gjer det jobben enklare!
Har vore så heldig å få ein pakke frå denne nettbutikken denne månaden, og ventar spent på den neste, som eg trur er i ferd med å nærme seg? I alle fall, eg satsar på ein ynskjecollage frå ein av mine yndlingar; TineK. Har leita veldig etter desse tinga, men dei ser ut til å vere utsolgt over alt?
Kanskje nissen ser dette innlegget, og så ordner det seg? ;)


Har du lyst å lage di ynskjeliste til Hviit?
Gå inn HER og finn meir info.!


God helg!


Elin


onsdag 23. november 2011

Meir om julekort, nokre tips for eit godt resultat!


Har fått nokre spørsmål om julekortfotografering. Veit ikkje om eg er kvalifisert til å svare, men prøver så godt eg kan! :) Spørsmåla går på dette om korleis ein får fine bilder?

Aller først har det faktisk litt å seie kva barna har på seg. Kva vil du formidle med julekortet ditt? Ein kvardagssituasjon? Vinter? Sommar? Osv. Skal bildet vere humoristisk? Her er det meir enn tusen valg å ta. Men viss vi tek utgangspunkt i bilda eg har vist, har vi prøvd å forhalde oss til årstida, og at borna ser ut til å ha det koseleg saman.

Dernest må du finne ein stad å ta bilda. Eg vil anbefale ein vèrbitt, eller grå vegg viss du skal vere ute. Eg lykkast i alle fall alltid når eg har valgt denne varianten. Dersom du ikkje har heilt kontroll på å stille inn kameraet ditt, eller har eit kompakt eller mobilkamera, skulle dette vere ei grei løysing. Pass på at lyset er bra, noko som ikkje er det lettaste denne årstida. NB! Det er ikkje lett å ta bilder i snøv! Lyset blir ofte for skarpt. Likedan er det smart at ungane ikkje har kvite klede, duse fargar er absolutt enklast å arbeide med.  

Det er alltid kjekt å ha med litt rekvisittar, for vår del har det vore skinn og kjelkar siste åra. I går var det rett og slett kjøpte julemannar. Veit ikkje om eg kjem til å bruke av dei bilda kakene er med på, men borna synes alltid det er kjekt å få noko godt på slike fototurar. Dei aller minste kan godt få litt premie, så blir det også kjekt neste gang ein skal ta bilder ;)

Dei beste bilda for meg, er dei der borna nesten gløymer kva vi held på med. Sånn som i går når lillebror oppdaga eit reir oppe i eit av trea over oss. Fekk tatt fleire bilder som eg veit er gull verd for oss foreldre i framtida. Eg planlegg aldri i detalj kva som skal skje. Det blir litt slik at ein må "goe with the flow". Stå ALDRI og hopp opp og ned og rop at barna skal sjå "hit og smil!" La barna sjølv finne roa, snakk litt om kjekke ting, og få dei til å bli ivrige. For eksempel spør dei om kva dei gleder seg til i jula, eller kva dei ynskjer seg. Få dei til å slappe av.

Sist men ikkje minst, det kan vere nødvendig å gjere fleire forsøk. Ikkje ta bilda i siste liten, det blir berre stress og mas av heile bildetakinga. Dette merker borna, og så er sjansen stor for at alt berre blir ei trist oppleving. Stressa foreldre, og sure barn. (Dette veit eg alt om...)


 
Kanskje blir årets julekort i svart/kvitt? Det er kanskje lett å gjere tradisjonelle valg når ein skal få ting ferdig til jul? Eg føler for å gjere noko som er litt annaleis i år. Så får vi sjå kva bilder som blir valgt. Reknar med at det ferdige eksemplaret dukkar opp her inne før jul ;)


Eg brukar redigeringsprogramma Picnik og PhotoScape (trykk på navna, der er linkar) Desse to kan du laste ned gratis frå nettet, og er relativt enkle å lære. Leik deg fram til resultat! Korriger bilda slik at dei blir rette i vinkel, klipp bort uønska deler av bildet, korriger kontrast og lys, fargar, skarpheit osv. Eit fint bilde er ofte redigert. Og det er lov! Men heilt valgfritt sjølvsagt.


Eg minner om at dette berre er tips
og råd frå ein sjølvlært hobbyfotograf!


Elin

tirsdag 22. november 2011

Sjokkarta ettermiddag - julekortbilda i boks :)


Som mange nok har forstått, kjem bloggen sist i rekkje over gjeremål på tampen av november. Eg er i gang med ein serie julereportasjer, og det medfører eit godt trøkk for ei som ikkje er så god på å arbeide mykje i gongen. Eg hadde planlagt at alt skulle gå føre seg i rolege former, men så skjer ting seg undervegs, og så blir det stress likevel. Ettermiddagen i dag blei plutseleg ledig, og sjølv om eg har fått trykt på plass nokre virvlar i ryggen på behandling før i dag, så var det veldig fristende å fått tatt bilder av ungane i det vakre vèret. Så då gjorde vi det. I stri kamp med lyset, som forsvinn i ræsertempo etter klokka halv tre. Vi bur i eit fantastisk fjordlandskap, og sidan julekortbilda 2010 var tatt mot fjellet, var det kjekt å trekkje ned mot sjøen denne gongen. Eg har sett på ei gammal utløe lenge, og drassa med meg mine to håpefulle nedover ei blaut mark. Ein må faktisk lide litt for å få dei beste locations? ;) Og vi var strålande fornøgde med området. Skjerma, mystisk og passeleg sjarmerande.


Lillebror har hatt same jakka tre år på rad på julekortbilda...
Eg har ein tendens til å kjøpe ting rikeleg store, når det er til slikt bruk...
Vinteren let vente på seg, vi hadde 13 grader før i dag. Difor
ville lillebror ha tøysko på seg. Eit "varmt" minne frå
førjulsvinteren 2011 :)



Elin

 

fredag 18. november 2011

Sett frå ein annan vinkel



Det er gått over to år sidan eg byrja å blogge. Eg får mange hyggjelege mailar i løpet av ei veke, der folk er koselege, og lurer som regel på kvar eg har kjøpt ting. Så er det mailane frå superfine folk som skryt av Draumesidene. Kjekt alt saman! :) Og veldig givande; får meg til å ville blogge vidare. Men så er det menneska eg møter utanfor husets fire veggar. Dei som kjenner meg litt frå det verkelege livet.  Dei er dei mest forvirrande for meg. Ikkje så mange som snakkar om at eg bloggar, sjølv om dei sikkert veit det?

Og så får eg spørsmålet, innimellom, -har du det verkeleg slik? Og då tenkjer eg : KORLEIS? Kva meiner folk med det? Nei, eg har det ikkje slik som det ser ut på bilda mine? Vi har vel ofte diskutert dette med å snu ryggen til rotet, rydde ein bit av huset, og så blogge i vei. Rett og slett herleg! Men kva meiner folk med spørsmålet? Kan ein ha det annaleis enn det som bloggen tilseier? Eg skal vere den første til å innrømme at eg ofte bloggar vekk triste dagar, dei har eg hatt plenty av siste to åra. Det er ikkje eit forsøk på å framstå som meir perfekt og lykkeleg, heller ein måte å takle tunge dagar på. Kanskje folk misforstår dette? Kanskje det skaper harme og irritasjon?



Kjenner du deg igjen her? Hmmm... Jaudå. Det er stova mi. Frå ein vinkel som eg ikkje kan hugse eg har tatt bilder frå før? Og eg har opplevd at folk som har lest bloggen min før dei har kome på besøk utbryt : det er jo ikkje slik her skal sjå ut? Og då tenkjer eg ofte, kva med meg? Er eg også ein annan enn den eg gir meg ut for å vere? Smilande, kreativ, optimistisk og evigvarande?



Det er ikkje lett å interiørblogge. Ikkje lett å vere kreativ på kommando. Det går faktisk ikkje an? I alle fall ikkje for meg. Og det å skulle gjengi det med kameraet er heller ikkje lett. Det har også slått meg at der stadig kjem så mange flotte, nye bloggar, at ein kanskje burde ta kvelden? La andre og meir nytenkjande krefter ta over? Draumesidene burde kanskje sove litt? Men eg har no ikkje tid til å sove? Og stadig kjem det ting plaskande ned i hovudet mitt, som eg føler for å dele med andre galne interiørinteresserte? Og så fortsetter blogginga, sjølv om noko inni meg stadig ropar : hallo, du kan stoppe no? Verda går vidare uten alle desse bilda og orda dine!

Eg veit. Og eg veit også at der er andre som kan dette mykje bedre enn meg. Men eg reknar med at dei som kjedar seg, hoppar av i svingen og finn seg nye jaktmarker? Eg for min del blir her nok ei stund til. Fekk ein mail ein kveld forrige veke, som var så spennende, at eg nesten slutta å puste. Ikkje minst minte den meg på at det er ein grunn til at Draumesidene oppstod. Eg skulle lære meg å drøyme igjen. For når ein drøymer og ynskjer seg ting hardt nok, it may come true... Det er liksom eg og Timmy gresshoppe, det er vi som er the dreamers... Og eg vil overbevise alle tvilarar om dette. Eg vil lykkast. Og då må eg halde ut. Bli frisk. Få leve ut draumane mine. For livet mitt ellers er nok heller ikkje slik som dei fleste trur. Eg bloggar om det eg er fornøgd med, det eg er glad for. Så får folk meine og tru det dei vil. 



Så for å understreke at eg kanskje ikkje har det akkurat som du trur,
valgte eg desse bilda frå stova i dag. Det er alltid sider ved eit menneske du ikkje kjenner, akkurat som at du ikkje kjenner kvar krik og krok i huset til ein interiørbloggar. (sjølv om du kanskje trur det)



Ha ei flott helg alle saman, eg vil takke for alle fine kommentarar,
dei er veldig viktige for at eg skal fortsetje å blogge no. Skal
prøve å kome på besøk tilbake til dei som er så supre
at dei tek seg tid til å leggje att nokre ord.


Takksam!



Elin

torsdag 17. november 2011

Rudolf har flytta inn på kjøkkenet. Ein DIY som vart litt komplisert?



Trudde eg skulle lage ei oppskrift på din eigen DrivvedsRudolf til veggpynt, men innsåg raskt at dette kanskje vart i vanskelegaste laget? Uansett, dersom du er tolmodig og har ein dunge med drivvedspinnar, kan du jo gjere eit forsøk? Eg fann inspirasjon i Vakre Hjem & Interiør, der Shishi hadde ei annonse. Eit dyrehovud av kvist til 975 kr. Dette må då vi kunne gjere billegare sjølv? Du kan sjølvsagt bruke pinnar du finn i naturen ellers også. Det gjeld også stjernene eg har vist før.







Eg brukte ein tynn bor og laga hol der pinnane skulle festast saman.
Så putta eg inn tynne stiftar, og i tillegg brukte eg limpistol på
desse punkta. Tolmodigheitstest!!!


Viss du vil prøve deg, så lag fasongen på hovudet først. Deretter
festar du på "sidegreiner" til horna. Til slutt festa eg dei små
pinnane som dannar fjeset.

Ikkje freistande å prøve eingong?
Dersom du MÅ HA, finns framleis Shishi sin versjon ;)


Litt spent på om følgjar nr.500 legg seg til i dag,
i så fall hjerteleg velkomen til Draumesidene!

If you join me today, you will
be member 500 on Draumesidene :)
Welcome!



Elin




onsdag 16. november 2011

Slettvollstolar med nye trekk




Etter eit aldri så lite samanbrudd i pc`en min, og deretter eit samanbrudd i hovudet mitt, er eg back on track og online igjen. Skulle leggje inn eit printerprogram i går, der alt skar seg BIG TIME! Det skal ikkje skje, men med min teknologiske flaks i november, vart det sjølvsagt tull i systemet. Kameraet mitt har også streika, så eg kjenner meg ganske hjelpelaus. Men, alt ordner seg nok til slutt? Ein veldig snill mann har tatt seg av maskina i dag, og no er nesten alt på plass igjen. Og så har eg fått lånt meg kamera, takk til T som ofra Canon Eos`en sin så eg får laga reportasjer og blogginnlegg!



Eg har sett meg som mål å bli meir opplysande på bloggen min, og huske å merke innlegga med etikettar, slik at lesarar enklare skal kunne finne fram på Draumesidene. Men eg gløymde heilt å skrive at eg hadde kjøpt nye trekk til Slettvollstolane mine... Dei heiter Archibald, og vi har hatt korte trekk i koksgrå på dei. I og med at desse er lange, vart det heilt ny look på stolane. Fargen er ein slags lys blå/grå, og eg elskar forandringa. Synes dei er kjempefine til sofaen og det lyseblå locker-skapet på stova.



Og som eg har sagt 1000 gongar før; Slettvoll er ein av mine store favorittar.
Når eg blir "stor", skal eg fylle opp huset med meir frå denne
produsenten... Det er i alle fall det eg drøymer om...



Elin


tirsdag 15. november 2011

Problemer med kommentering? Eg trur eg har funne ei løysing?



Via omtenksomme MissMette, fekk eg eit flott tips tidlegare i dag. Eg slit veldig med å få lagt igjen kommentarar hos ein del medbloggarar. Dette synes eg er trasig, for eg prøver å skrive minst mogeleg, for å avlaste nakken min. Når eg skal poste, og det forsvinn på mystisk vis, blir eg både sint og lei meg.

Nøstemor, ein blogg som er ny for meg, hadde lagt ut ei oppskrift som forandrar på innstillingane til maskina di. Eg har prøvd å forklare, og håper at fleire enn meg kan få hjelp! Eg har testa etterpå, og kommentarane har blitt posta på første forsøk, og eg er veldig glad! :)




Trykk på VERKTØY oppe til høgre på skjermen.
Velg ALTERNATIVER FOR INTERNETT, som kjem fram lengst nede på lista.




Trykk på PERSONVERN



Trykk på OMRÅDER



Skriv inn adressa www.blogger.com der pil nr1 er.
Trykk tillat der pil nr 2 er.
Trykk til slutt OK ved pil nr 3.


VOLILA!


Viss dette viser seg å vare, burde eg sende
blomster til både Miss Mette,
og Nøstemor :)


TUSEN TAKK, for at dokke hjalp meg!


ELIN


Oppdatering tirsdag kveld: Har fått problemer med maskina mi, fryktar at eg har åpna opp for virus ved å gjere endringane over??? Usikker, for eg har også lasta inn eit printerprogram i kveld frå cd, og det var etter dette maskina låste seg. Køyrer no i Sikkermodus. Skal prøve å finne ut om denne løysinga kanskje ikkje er så bra likevel?

Ny oppdatering : Det skal IKKJE ha noko med innstillingane eg tipsa om før i dag å gjere, at pc`en min klikka. Held på å få hjelp til å fixe problema no. Programvare som har slått seg på vranga...



Vinter på stova



I dag vakna vi til nesten ingen plussgrader, og rim på bakken. Nesten merkeleg, sidan vi har hatt så milde dagar og netter til no i november. Litt godt også, kjenner at tanken på at det faktisk nærmer seg desember, vart litt meir verkeleg. I dag skulle eg ha vore på reportasjetur for avisa, men lillebror vart sjuk i går ettermiddag. Feberen reiv i den vesle kroppen i natt, og difor valgte eg å vere heime. Kanskje like bra, fordi eg slit med veldig hovudverk for tida. Det kjem frå nakken, og er heilt vanleg denne årstida. Men ikkje alltid like enkelt å takle. Likevel er eg veldig glad for at lillebror et og drikk igjen i dag, ser friskare ut i ansiktet, og har lyst å leike på loftstova. Eg skal heller ikkje gjere så mykje. Lese litt bloggar, prøve å få lest siste Vakre Hjem & Int., og kanskje setje på ei vaskemaskin med klede. Det kan vere godt å ha slike dagar innimellom, berre la lufta gå heilt ut, og senke skuldrane. Det er i alle fall målet.  









Puta frå Kremmerhuset er eg blitt så glad i. Pappaen min var idrettsmann på 40-talet, og bildet på puta er så likt han :) Eg synes dette var ein flott tidsperiode, og let meg fasinere av klede og stil. Og ikkje minst optimismen som etter kvart bygde landet vårt opp igjen etter andre verdskrigen. Det var ein litt tung dag på søndag, sjølv om eg kan besøkje grava hans og tenne lys, ville eg helst ha hatt han her hos meg enno. Difor betyr denne puta litt ekstra for meg.



Eg store problemer med å få lagt att kommentarar hos andre bloggarar? Eg har tenkt litt i dag, og funne ut at det faktisk er dei eldste bloggane eg har mest problemer med? Ser at det varierer veldig med kommentarar her hos meg også, og har fått tilbakemeldingar på at folk ikkje får posta det dei skriv? Gode råd mottaes med stor takk! Brukar å kopiere kommentaren eg har skrevet, i tilfelle den ikkje går gjennom i systemet, men det er det liten vits i, for den går då heller ikkje gjennom på andre og tredje forsøket heller?


Ynskjer alle ein flott dag vidare!


Elin


Beate kom med eit godt tips i kommentar under her.
Dette er ikkje grunnen til mine problem.
Deler likevel dette tipset med andre :



Trur eg har fått hjelp?
Innlegg kjem i kveld! Tusen takk!




mandag 14. november 2011

Vinnaren er:






Frøken Fryd! :) Random org plukka ut nr.8 av 40 som hadde lagt att kommentar.
Eli legg alltid att så herlege kommentarar, ei bloggveninne i SÆRklasse!
Send meg adressa di på mail, så kjem det ei drivvedstjerne i posten!


Tusen takk til alle dokke andre som var med
i trekninga, skulle gjerne laga ei stjerne til
kvar og ein, kanskje eg overraskar
nokon før jul?



Elin

Lyseblått locker med X-MAS glam









Papirpynt og trefuglar frå Indiska, kvite perlehjerter, Herlighet.


Det er snart midten av november, og sidan eg er ei slik dame som hiv ut jula første januar, er det på tide å byrje å tenkje på korleis eg vil pynte til jul i år. Eg synes det er kjekt å utfordre seg sjølv til å tenkje nytt. Eg har ikkje mykje glam og glitter i heimen til vanleg, difor skal det svært lite til for at her lyser opp. Eit papirhjerte med gullstrø er kanskje alt som skal til? Tavla på forrige innlegg har eg laga sjølv. Laga ei ramme av lekter, og spikra på ei tynn treplate. Deretter er ho grunna, og måla med to strøk tavlemåling. Siste året har ho vore brukt til dekor med fransk tekst på. Men eg fekk eit innfall på laurdag, etter å ha pakka ut serviettane frå Hviit. Dei er kvite, med svarte stjerner på. Eg klipte ut 4 slike stjerner, og limte dei opp på tavla med tape. Saman med pappfigurar frå Indiska. Til slutt tok eg to kanelhjerter og festa på med tegnestiftar. Voila! Eit veldig stemningsskapande innslag på stova. Desse produkta som du får kjøpt av kanelbark luktar heilt himmelsk! Veit at Herlighet held på å pakke ut slike sist eg var innom. Er usikker på kva leverandør som har dei? Mine er frå Hviit


Eg trekkjer vinnaren av drivvedstjerna i kveld, er du følgjar på Draumesidene,
og har lyst å vere med? Meld deg på HER!


Elin  


søndag 13. november 2011

Hviit Vinterstemning på stova










Fekk så kjempefin pakke i posten frå Hviit før helga.
Nesten som julaften... Eg hadde bestilt nokre småting, men gleda meg STORT over alt saman!
Kanellykt og hjerter, herlege serviettar med stjernemotiv og flotte telyshaldarar ned stjerner dei også. Frå TineK. Tusen takk for flott sørvis og alltid herleg utval i nettbutikken! 
Lyst til å sjå på fleire herlegheiter? Du finn
Hviit HER!

Og korleis du kan lage di eiga "vintertavle", ja det kan eg nok
fortelje om ein annan dag? Eg er i alle fall veldig
glad i mi si! Og idèen er min...
(trur eg?)


Elin


Har du meldt deg på i trekninga om ei Draumeside-drivedstjerne?
Du finn innlegget HER :)