...

fredag 20. mai 2011

Om å slutte å blogge



Long time... Det skulle berre vere eit opphald i nokre dagar, men det ser ut til at denne pausen min vil vare? Forstår at her har vore masse tull med blogger, men det var ikkje grunnen til at mine innlegg uteblei. Eg har følt meg sliten lenge, og vinteren har vore tøff. Dei som "kjenner" meg, veit at eg hadde ein skikkeleg nedtur med ryggen min i februar. Dersom du har slike plager, veit du at det er ein lang prosess å kome i form igjen. Det er det min kvardag handlar om no. I tillegg til å vere mamma og stille opp for borna mine. Ikkje alltid eg klarer det heller. Ellers hadde eg takka ja til ei reportasje frå huset her, noko eg også har avlyst, fordi eg blei så stressa av tanken på alt eg ville ha gjort før dette skulle skje. For eg klarer jo ikkje å styre slik som før eg skada ryggen min. Så har eg hatt lyst å delta på Glansdagen i Oslo, men med min variable form, tok eg ikkje sjansen på å bestille billettar til fly og arrangementet. I redsel for å ikkje klare å gjennomføre dette.

Så slik er stoda her. Litt punktert og makteslaus, med følelse av å ha mislykkast på temmeleg mange områder. Og då forsvinn kreativiteten også. Det beste er nok å gjere heilt andre ting ei stund, og så sjå om bloggelysta kjem tilbake. Somme dagar er eg heilt overbevist om at eg ikkje vil blogge meir. Men så kan eg kjenne eit snev av inspirasjon, og tenkjer at det kan hende eg klarer å trø igang systemet igjen.

Oi, det vart veldig ærleg og personleg? Men det er nok fleire som kjenner seg igjen? Eg trur det kan lønne seg å innrømme at ting ikkje går på skinner. Eg ser her rundt meg, at menneska som veit dette, får smilet tilbake i ansiktet mitt igjen!



Eg ynskjer alle fine dagar
framover mot sommar!

God klem frå meg!

E

søndag 8. mai 2011

Lillemor ute ved havet...





 
Vi fann ein flott plass vi aldri hadde vore før... Litt på lukke og fromme. Fønvind og over tjue grader mot kveldinga, er vel ikkje verst her ute ved havet? Det er akkurat dette som fasinerar meg ved Sunnmøre; det er så korte avstandar mellom fjord og fjell og hav... Vi er så kjempeheldige å kunne sjonglere mellom desse geografiske uttrykka gjennom ein dag. No til slutt blir det tur opp til fjellet. Og berre NYTE solnedgangen...


Ynskjer alle ei vakker, ny veke!





Lillemor sin kjole...




... som vi aldri har fått tatt skikkelege bilder av... No reiser vi til havet. Veit ikkje kvar vi havnar, men vi vil ut og kjenne lukta av ramsalt sjø. Og kjolen er med i bilen. Lillemor teikna denne saman med flinke GRY.http://redshoedesign.blogspot.com/





Bilda er frå soverommet mitt, tatt i dag :)


NYT søndagen!





lørdag 7. mai 2011

Huset frå utsida, og ein tur i hagen...







For der har eg vore i ettermiddag, og rydda - igjen. Det er stadig noko som skal ordnast på etter ein lang og kald vinter! Slo plenen for første gong sist helg, og ser at det er klart for runde nr.2 allereie. Dvergrhododendronen blomstrar, og kirsebær og hegg er i ferd med å sprette ut. Og i dag kom dei milde vindane vi har venta på. Ein smak av sommar på terrassen til slutt. Herleg...





Kjøkkenet på laurdag, etter rydding...




For i dag må det ryddast. Mine to små har også stått på. Er spent på korleis det ser ut oppe? Eg lot dei få totalt ansvar for å få alt opp frå golvet. Det er alltid interessant korleis ei slik oppgåve vert løyst? Sist gong vi rydda, var lillebror hypereffektiv. Eg skrytte villt av han. Så viste det seg at han hadde lempa alt inn i eit telt på rommet sitt... ;) Vel, no er støvsugaren meir enn klar til dyst. 


Vil takke to sporty menneske, som takla min inntreden i eit herleg hus i Spjelkavika i går kveld (viss dei er innom her). Eg oppdaga ei perle, og MÅTTE berre innom og høyre om eg kunne få kome på besøk med fotoapparatet. Eg kom busande nedover hagegangen, og måtte verke heilt galen. Men dei to som budde der sa ja med ein gong! :) Fantastisk å kunne vere så spontan, og få smil og ja tilbake! Tusen, tusen TAKK! Gleder med VELDIG!


Ha ein fin laurdag,
med eller utan støvsugar! 


 

fredag 6. mai 2011

Av og til...




Eg har posta veldig mange innlegg siste veka. Eg utfordra meg sjølv sist helg, til å verkeleg vere oppfinnsom og kreativ i veka som skulle kome. Det vart ikkje heilt vellukka, men eg hadde mange kjekke stunder med kameraet. Eg får ikkje heilt dreisen på dette med å blogge sjelden. Første året eg held på, la eg ut minst eitt innlegg for dag. Uten problem. No prioriterer eg annaleis. Mange har lagt att kommentar om at -du kan no blogge av og til? Det er berre det at eg er kjempedårleg på å gjere ting av og til. Eg må ha ein jevn flyt i ting eg engasjerer meg i. Ellers går eg lei. Kall det tull og tøys, eller kva du vil, men det er heilt sant. Eg dett fort av lasset, dersom eg tar opphald i kva det no skal vere. Eg beundrar folk som har oversikt og sjølvkontroll nok til å få  ting til å fungere. Av og til. Men eg skal prøve. Verkeleg. Å blogge av og til. Resten av tida skal eg vere ute og gå. Heile tida ;)

Vil dele eit bilde frå trimturen min i formiddag, og nei, eg bur ikkje i Hardanger slik som somme trur. Eg bur på Sunnmøre, i Storfjorden, midt mellom Ålesund og Geiranger. Fleire som har lurt etter å ha studert bilda eg har delt siste vekene der utsikta vår viser. VestNorge (og Norge ellers) har mange spektakulære utsikter :) 

Bildet er tatt med mobilkameraet mitt :)


Ha ei vakker helg alle sammen der ute.
Eg dukker nok opp igjen med interiørbilder
når som helst... (av og til...)




torsdag 5. mai 2011

Tolix og peon på badet :)



Sidan eg har ei hyperaktiv veke her inne på bloggen, kjem det nokre kveldsbilder frå badet i første etasje. Eit lite, men velbrukt rom! Eg har tatt bilder her inne før, med peon som tilbehør ;)








Den skjønne STORAGE korga er kjøpt hos Emmas Verden.
Har ei på kjøkkenet med friske urter, og den
andre er her på badet :) Veldig fin viss du vil
røffe opp interiøret litt!




Lillebror på rommet sitt :)





Då var lillebror klar for våren :) Sjølv om det er langt kjekkare å gå i leikebutikkar enn klesbutikkar...
Vi handla på Name It og Euro Sko. Han gjekk med på ein fotoseanse, dersom
dette gav fordelar ved neste by-besøk... ;) Eg merkar at forhandlingstaktikken
kjem seg, og er nok heilt på plass om kort tid. 

Eg får av og til spørsmål om fotografering av barn. Eg tek ikkje på meg oppdrag, til det
har eg alt for lite kunnskap og sjølvtillit. Det går på vennetenester. Eg skulle gjerne ha
 lært meir, og kunne jobba med dette innimellom. Eg trur det handlar mykje
om å vere roleg, og ha kjemi med barna. La dei bestemme litt, og la situasjonar
oppstå, i staden for å pushe på for å få det slik som mor eller far har sett for seg?
Eller eg for den saks skuld.

Kanskje passar det bra å nevne sånn til slutt; jaudå, barna mine er i huset, sjølv om dei ikkje
viser på bilda eg tek til vanleg. Og jaudå; her er rotete som berre det. Dei får lov å leike seg,
her er ikkje eit interiørdiktatur! Eg har skrevet dette mange gongar før, og her
nevner eg det igjen; eg har ikkje behov for å ta bilder av rotet mitt! :)


NB! Lillebror har sjølv valgt korleis han vil posere...


Ha ein super torsdagskveld!

  





onsdag 4. mai 2011

My office in vintage style :)












Litt omskifting i yndlingsting på kjøkkenet ;)








Morgenstemning på gangen :)




Takk for fine tilbakemeldingar på innlegget om inngangspartiet vårt! Fekk nokre spørsmål om oliventre, og også lavendel. Lavendel har eg av ulike slag. Dei vil alle gjerne ha masse sollys, og likar vatn svært godt! Oliventrea skal tole ned mot ti minus, så mine står ute no. I fjor hadde eg fire som var inne. Dei ville ha masse vatn, og tørka fort ut. I vinter levde dei i beste velgåande, heilt til eg vart sengeliggjande, og ikkje passa dei så godt. Då datt blada av, og eg veit ikkje om dei har tenkt å stå opp frå dei døde? Dei er på verandaen, og der er grøne skot på to av dei. Men oliventre er ikkje det enklaste du kjøper! No har eg planta om både lavendel og oliventre, trur det er enklare å få ting til å halde seg dersom dei har mykje jord rundt seg! Og kujord er som sagt prima vare. Ein enkel regel er å sjå til plantene kvar dag, ein ser om dei er pjuske og vil ha vatn. Og er det dårleg vèr,
er det supert med ting som står i potter, og kan flyttast i le.

I dag har eg tatt morgenbilder på gangen vår. Ikkje så mykje avbilda den heller? Eg har eit stort problem her inne på bloggen, og det er at eg ALDRI merkar innlegga mine med etikettar... Skal stadig skjerpe meg, men det skjer liksom aldri... Maifortsett?  







Er veldig glad i ølkassa frå EC Dahl`s bryggeri. Kassa under er ei gamal flyttekasse.
Har nokre sikringar til, ikkje alle gjekk med til knaggprosjektet,
som også heng på veggen i gangen.

Som gamle lesarar kanskje ser, er bloggen litt i fargeforandring. Men eg vart ikkje
heilt fornøgd etter første forsøk. Så her blir nok litt forandringar til nærmaste dagane.
Eg skal ikkje tulle rundt for lenge!





tirsdag 3. mai 2011

Inngangspartiet i vårskrud :)



Eg har utfordra meg sjølv til å blogge om stadar og ting som ikkje blir vist så ofte her inne. Så difor blir det bilder frå inngangspartiet vårt i kveld. Eg har planta sommerfugllavendel og oliventre her. Dei kosar seg i kujord; noko eg godt kunne fått i gåve, og blitt kjempeglad :) Eg er veldig happy når eg får vere ute og grave i hagen. Desverre har det blitt lite av slike aktivitetar siste åra. Men eg har funne ut at viss eg er flink å ikkje halde på så lenge, så går det greit med ryggen. Men så var det dette med å begrense seg sjølv...





Eg berre ELSKAR lavendel!
Eg gleder meg veldig til å kunne plante enno meir i krukker og spann!


NYT kvelden!



Hagestove i svart/kvitt








Den halvferdige hagestova, som eg så gjerne skulle fått gjort noko med. Trur kvart år at NO skal det bli fart i sakene. Men... Likevel mykje brukt, både som reservekjøkken og stove. Etter at det kom inn dører i fjor haust, er det også mogeleg å bruke til overnatting på sommaren. Kryssar fingrane for at vi kanskje kan få gjort ting meir ferdig denne sesongen! :)  





mandag 2. mai 2011

Mintgrøn detalj frå stova...









Fleire bilder frå dagen i dag. Lillebror måtte ha ein innedag p.g.a. pollenplager, og då vart det tid til rydding, og knipsing av bilder. Tema : min mintgrøne pinnestol på stova. Og mamsen min sine barnesko. Brukt av minst tre aktive små. Frå trettitalet. Tallerkenane er bruktfunn. Likar at dei er "kantete" :)

So long!