...

torsdag 31. mars 2011

Kjøkkenbilder



Aller først; det var ikkje meininga å fornærme nokon med forrige innlegg? Eg trudde at eg sette av tid til å gi tips og svar på spørsmål eg har fått siste tida på mail. Eg ser fortsatt ikkje problemet med å hjelpe andre? Ein blogg er det du sjølv gjer han til. Det finns mange måtar å blogge på. Eg er av den typen, at eg likar å lære og forbedre meg. Og det ser eg ingen grunn til å unnskylde? For det er masse arbeid som ligg bak ein slik prosess. For meg har bloggen fungert som ei aktiv sjukmelding, og etter kvart ein CV, og eg har fått jobboppdrag på bakgrunn av det eg viser her inne. Men det er mi historie. Du som les dette, og har eigen blogg, har dine tankar og mål rundt di blogging. Og det er det som gjer dette bloggfellesskapet interessant; vi er ulike!

Råda eg gav før i dag, skal kunne brukast uansett kor mange lesarar du har, og korleis du bloggar. Om du har flott speilreflekskamera, kompaktkamera eller bruke mobilen til å ta bilder. Hadde berre behov for å understreke dette; slike innlegg lagar eg for å vere grei, å dele av min kunnskap. Ikkje for å påpeike at somme ikkje gjer ting bra nok! Men så det er sagt; eg ser ingen ting gale i å ville ha mange lesarar! Det må vere opp til kvart enkelt bloggar. Og eg håper nokon fekk tips som dei kan bruke. Blir nok ei stund før eg deler slik informasjon igjen. Fekk ein liten bismak i munnen kjenner eg.


NOK OM DET!

Her er nokre kjøkkenbilder.  






 




Redigering av bilder, og det å lage ein makelaus header



Er ikkje så enkelt... Eg vart ikkje fornøgd etter første forsøk i dag. Men eg la den ut likevel, for eg kom på at eg kunne gi nokre råd? Eg har fått ein del spm. om korleis eg lagar header, og kva redigeringsprogram eg brukar. Har fortalt om dette før, men det kan nok repeterast? Eg brukar gratisprogramma Picnik og Photoscape. Skulle gjerne lært meg, og hatt Photoshop, og trudde eg skulle få det inn på programmet i vår, men eg må vente til ryggen er bedre. Har problemer med å sitje enno, etter siste ryggkrangling, så kurs er ikkje så freistande. Det og tastaturbruk. Eg vil anbefale alle som har lyst på fleire lesarar, å bruke litt tid på å leike seg inne på fotoprogram. Det skal lite til for at header og bilder ser bedre ut! Om du kun regulerer på kontrast og lys, kan bildet ditt gå frå brukbart til lekkert.

Eg har funne ut at headeren er KJEMPEVIKTIG! Det er førsteinntrykket av ein ny blogg. Du kjem inn, og danner deg eit inntrykk frå bilder og tekst øverst. Sånn er det i alle fall for meg? Av og til "stemmer" ikkje headeren med bloggen, men i dei aller fleste tilfella får du eit innblikk i kva som finns i innlegga.

Pass på at du har ein tanke bak skrifttypar du brukar, og fargar. Eg har hatt for lys skrift, sånn at det har vore vanskeleg å lese. Det var ikkje slik på min PC, men vanskeleg for andre. Bakgrunnsfarge er også ei utfordring. Eg hadde lys grå på den første bloggen min, men gjekk over til kvit på denne. Nøytralt og enkelt, og bilda slepp å slåst med "bakteppet" om merksemd.

Dersom du vil ha bilder øverst, tenk over kva du har i heimen din som er spesielt. Kva som kjenneteiknar deg. For det er det du vil vise i ein header. Kvifor skal folk stoppe opp, og lese din blogg? Prøv å vere kreativ og nytenkjande. Det får i alle fall meg til å stoppe opp inne hos for meg nye bloggarar. Sett av tid til å ta bilder til headeren. Og ver kritisk til det du brukar. Eitt bilde kan kanskje fungere like godt som fleire? Viss du setjer saman fleire, må du passe på at dei passar godt i lag. Kanskje lurt å spørje nokon andre om kva dei synes? Eit råd eg sjølv har brukt mange gongar. Greit med tips frå andre! :)

Sånn til slutt vil eg nevne, at eg er INGEN ekspert, og det kan hende eg ikkje har peiling i det heile tatt. Men eg håper at dei som lurer, kan ha fått nokre råd? Eg veit at mange nye bloggarar har lagt seg til som følgjarar i det siste, og eg huskar min eigen hunger etter tips i starten. Eg har masse eg lurer på enno, forresten ;)






Eg har skura seks gamle stolar i dag, og har tatt bilder frå kjøkkenet, som eg publiserar seinare. Vart plutseleg
veldig mange sitjeplassar her? ;)




onsdag 30. mars 2011

For ein eventyrleg interiørdag! :) 6 nye, gamle stolar har fått flytte inn hos meg! Og ein koffert... til...









Eg er heilt yr :) Våryr etter masse sol i heile dag, og ein oransj i himmel ut mot havet i kveld.
Og med så mange fine ting rundt meg! Tusen takk til T for 4 av dei "nye" stolane! Ikkje verst å få noko slikt, for ei taus som meg. Dei to pinnestolane har vore mine i tjue år, men eg hadde gløymt kor fine dei var. Fann dei igjen i kjellaren til mamma i dag. Eg har sagt det før; eg har null kontroll på alt eg har samla saman opp gjennom livet. Og det kan jo vere kjekt, ein blir så gledeleg overraska innimellom :) Skal ta bilder av dei to siste stolane i morgen. Den brune kofferten du kan skimte til høgre på siste bildet, har vore morfaren min sin. Det er litt spesielt når ting har ei personleg historie, som ein kan forhalde seg til.


So long!


Draumestol i morgonsol



Ser på det som positivt, at eg bloggar uten å planlegge det? Motiva dukkar opp av seg sjølv. Er på vei ut av huset for å sjå på noko veldig spennande til huset ;) Men måtte ta bilder på stova før eg smatt ut døra. Her er i skrivende stund 6 minus ute (!), så stillongsen må på igjen. Men strålande blå himmel, og ei sol som plutseleg står høgt på himmelen :)







Ynskjer alle ein vakker dag!



tirsdag 29. mars 2011

Streif av sol på kjøkkenet, og ein aldri så liten protest...


Eg hadde ikkje tenkt å blogge i dag, før eg oppdaga at sola kom inn gjennom vinduet i femtida. Eg berre måtte ta bilder i det vakre lyset... Vi fekk over førti cm.snøv i går, og nedbøren fortsetter i dag... Eg trur eg snakkar på vegne av (nesten) heile Sunnmøre, når eg seier at NO ER DET NOK! Eg vil ha bare markar, og bare vegar! Eg vil finne dei fyrste vårblomstrane, og vere glad og yr! BASTA bom!





Sånn. Då gjenstår det å sjå om protestane
mine blir høyrt? ;)

Håper du har det fint der du er!

Forresten; det er bra gale å klage over dette :



For det er eigentleg så vakkert... :)



mandag 28. mars 2011

Prosjekt lag din egen bakvegg til TV, og sjølvsagt alt for mange bilder frå loftstova :)



Eg laga bakvegg til tv`en vår på loftet for ei stund sidan. Det var ganske enkelt. Du sagar ut ei bygningsplate med litt tjukkelse på. Så må du lage ei ramme å leggje henne på. Eg brukte stavar, slike som du forer ut veggar med. Eg fann ut kvar eg ville ha tv`en, og laga deretter hol i plata, der ledningane skulle ut. Så monterte vi plata på veggen på loftstova, og festa denne veldig godt med skruar gjennom ramma, der vi hadde påvist godt feste i veggen bak. Så festa vi veggfestet til tv`en på plata. Så kunne vi dra ledningane gjennom holet, og ned mellom baksida av plata og veggen. Klønete forklart? :) Vel, berre send ein mail, viss du vil ha betre forklaring! Først var plata tapetsert ein periode. Så blei eg lei av dette, og kledde henne med grov strie i staden. Men i går fekk eg ein super, ny idè. I dag har eg måla stria med eggekvit vannbasert måling. Det blei lyst og fint, og eg slepp av plata stadig "loar". Var alltid rusk frå stria på dei svarte hyllene under tv`en. Til slutt brukte eg metallsjablongane, og dekorerte med bokstavar og tal. Eg er strålande fornøgd med resultatet; det er finare enn bilda viser, minte om ein slags kalkfinish.

Loftstova vår er ikkje så mange kvadratmetrane, men du verden så glad vi er for det rommet! Likedan den vesle overbygde lufteverandaen utanfor. Gull :) Tok ein del bilder, for eg kan GARANTERE at dette rommet ikkje vil vere ryddig så mange timane. Men det er OK. Dette er leikesone, og det flyt nesten alltid av ting og tang. (sjølv om lillebror har lova å bli flinkare å rydde...) ;) Akkurat no er alt av spel og fjernkontrollar, DVD`ar, bruksanvisningar osv. på plass i oppbevaringa under tv`en.










Tusen takk til alle som er innom Draumesidene. Heilt utruleg at teljaren viser 30.000 unike treff på to månedar... Eg er audmjuk, og veldig glad. Eg har aldri lagt skjul på at eg setjer pris på ALLE som er innom! Det hadde vore rimeleg meiningslaust å blogge så mykje som eg gjer, viss ingen fann det eg gjorde inspirerande. Eg får verkeleg energi av alle fine tilbakemeldingar dokke legg igjen. Det er verre med mi kommentering hos andre. Men eg prøver å stikke innom her og der i løpet av veka. Håper dokke tilgjev meg akkurat det.


 Velkommen til ALLE nye følgjarar/
Welcome to all new readers of Draumesidene!
Og takk til alle som har vore her ei stund/
and thank you all for spending time here...


You are the best!



Og så var problema med blogger over, og eg må fixe innlegga frå i går :)



I dag ser det ut til at problemet er borte? Då blir det nok innlegg på Draumesidene denne veka også. Det var rimeleg frustrerande å bruke tid på dette i går... Men eg fekk med meg at det var fleire som streva.

Takk for fine kommentarar, og TAKK til FROST for "I love you blog award", den kunne eg trenge ekstra etter alt krøllet her inne i går :) Nok ein vakker blogg eg fekk lov å finne via koselege spor her inne! 

No skal eg rydde opp i innlegga frå i går!


Nyt den nye veka!

Klem Elin 


søndag 27. mars 2011

Loftstova med tema : TID Teksten til innlegget finn du på foregåande innlegg!


Golvvasken er unnagjort på loftstova, og det er alltid kjekt å vere kreativ, og finne på nye måter å dekorere på. I dag vart temaet TID, inspirert av Earth Hour og Sommartid. Klokka har vore i sentrum siste døgnet.








Dei små urskivene kjøpte eg hos ZanZ på Lillestrøm sist sommar. Du kan finne slike på div. nettbutikkar. Formene er gamle, eg fekk dei av nokre snille folk i fjor. Har liksom ikkje fått dei på plass
før no. Dei er også fine til å ha på bordet med telys i.


Nyt den lyse kvelden!

Oppgradering av loftstova :)



For det gjenstår å vaske golvet, og ordne opp i ein del kasser og div... Lillebror har laga ny dessertmeny for oss i dag, men eg trur jammen han skal få prøve seg på litt husvask? ;) Kanskje eg kan klare å få han hekta på det også? Trur vel ikkje det er så store sjansar for ei plutseleg interesse for rydding og vasking... Men at det blir vafler og rosa bærdrikk til dessert; DET er sikkert :)




Her snøvar det, våren let vente på seg...

Men vi gleder oss SLIK til ein lys og fiiin kveld! 


lørdag 26. mars 2011

Bokstavar og tal i interiøret, her er mine hjelpemiddel :)



Har fått spørsmål om korleis eg lagar bokstavar og tal på tavlene eg lagar. Og det er ikkje vanskeleg i det heile tatt. Eg brukar rett og slett metallsjablongar. Eg har kjøpt dei litt etter kvart, men klarer ikkje å huske kvar? Eg har funne dei på ulike nettbutikkar. Har sett at dei har kome mange stadar i det siste. Dei er frå Chic Antique, dk. Eg synes dei er kjempefine å pynte med, samstundes som ei kløne som meg får god skrivehjelp når eg skal lage skrift og tal. Eg har også brukt dei på treverk og stoff. Plata meiner eg er kjøpt hos Emmas Verden? Som eg har skrevet før; skrifta på tavla på stova, er ei fransk adresse eg googla på nettet. Kanskje med små feil ;) Men det er jo ikkje så nøye... Du finn alt du treng på google, du må berre vere kreativ i teksten du søkjer med!









Har oppdaga at det er mogeleg å spisse krita med ein kvass kniv. Dette gjorde arbeidet lettare!
Då håper eg at alle spørsmåla er besvarte angåande tavla :)


Eg TRUR eg har overskudd til litt husvask i dag?
Best å setje i gang medan optimismen er her!

Frøken Anker har lagt att kommentar, om at ho har slike sjablongar i nettbutikken sin :)

Og Anne har ulike metallsjablongar i
butikken sin, Emmas Verden!